Helsefagarbeider eller sykepleier-/vernepleierstudenter
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider eller sykepleier-/vernepleierstudenter
Type ansettelse
Vikariat, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. august
Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse, DPS Molde, har eit ledig vakant helgestilling (laurdag og søndag kvar tredje helg) i om lag 15 % stilling for helsefagarbeidar eller student på 2. eller 3. studieår i sjukepleie eller vernepleie. Vikariatet har ei varigheit på 12 månader. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Tilsetjing skjer fortløpande.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar, der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekkje gruppetilbod for både innliggjande og polikliniske pasientar. Vi har fokus på verdibasert behandling og arbeider aktivt for å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasientar, pårørande, samt interne og eksterne samarbeidspartnarar er sentralt i pasientforløpet.
På seksjonen er vi ein inkluderande gjeng, og tilsette tek jamleg initiativ til sosiale aktivitetar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske oppgåver knytt til enkeltpasientar
- Arbeid etter fastsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Praktiske oppgåver i seksjonen
- Aktiv bruk av Kompetanseportalen for å vedlikehalde eigen kompetanse
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse er ønskjeleg
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, eller dokumentasjon på at du er student i sjukepleie/vernepleie
- Gode datakunnskapar
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du jobbar sjølvstendig og tek ansvar
- Du samarbeider godt og trivst i tverrfaglege team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du kommuniserer tydeleg og handterer endringar og omstillingar
- Du er lærevillig og set deg raskt inn i nye digitale løysingar
- Du har god arbeidshelse og taklar ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Mork Stenløs, Seksjonsleiar, Marit.Mork.Stenlos@helse-mr.noArbeidssted
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4996338498
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27fb4494-4284-4f92-abe0-d0d47df3c3ec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23370f20ffdc4f77a01f39bcd9b3d577