Udlabu
Voss herad Udlabu
Hardangervegen 51, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Er du vår nye kollega på Udlabu?
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. juli
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Om avdelinga:Udlabu ligg sentralt på Voss og har nye fine bustader. Udlabu har 20 leiligheter som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er organisert som døgnbemanning for personar med funksjonsvariasjoner. Eininga har ca. 25 årsverk.
Me søkjer- 80 % fast stilling som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
- 60 % fast stilling som vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
- Turnusarbeid med 4.kvar helg med langvakter eller våken nattevakt
16 000,- i rekrutteringstillegg for vernepleiar
Kvalifikasjonar- bachelor i vernepleie. Anna relevant høgskuleutdanning kan verta vurdert.
- gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- har gode faglige kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
- tverrfagleg komptanse
- relasjonskompetanse
- rettleiingskompetanse
- førarkort klasse B
- fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar
- har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som som treng rettleiing
- kan arbeide systematisk og målretta
- har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
- bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
- personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- bistå bebuar i dagliglivets gjeremål og medverke til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
- bidra til faglig utvikling og godt arbeidsmiljø i eininga
- dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring
- medikamenthåndtering
- kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- som tilsett skal du være med å bidra til at personalgruppa yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27f8d889-cb21-4c2b-b673-bb9feedb4aca
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3513541_213083_nn