Lege i spesialisering, psykiatri
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.
Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, trivst med varierte arbeidsoppgåver og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.
Hos oss finn du fire døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , Lis.lege, sosionom, sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Valen sjukehus er godkjent for 2 år som spesialiseringsløp for legar og har ledig stilling for LIS 3
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle posten
- Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Medikamentell behandling
- Delta i vaktordning for legar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege
- Har gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- er strukturert
- har gode kommunikasjonseevner
- er oppteken av god pasientbehandling
- samarbeider godt i team
Vi ser etter fagleg sterke kollegaer som bidreg med engasjement, pålitelegheit og eit godt lagspel – og som vil vere med å utvikle fagmiljøet vårt vidare
Kvifor skal du velje oss?
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4972575711
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
+47 53466407
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27bfff08-821c-4822-8282-4d0d45a12300
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0814967fa7304bee95564b81fca75b98