Allsidig og strukturert saksbehandlar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Askedalen 4, Leikanger, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Saksbehandlar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Distriktssenteret søkjer ein saksbehandlar som skal arbeide med støtteordningane i Merkur-programmet.
Merkur-programmet er eit svært treffsikkert distriktspolitisk verkemiddel. Programmet gir økonomisk støtte og kompetansepåfyll til kring 560 nærbutikkar og 70 bokhandlar i Distrikts-Noreg. Dei siste åra har programmet bidratt til omfattande innovasjon. Distriktsbutikkane har gått frå å ligge etter til å vere drivarar i den teknologiske utviklinga.
Stillinga har kontorstad på Leikanger i Sogndal. Du vil samarbeide med kolleger på alle dei tre kontora våre, i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.
Som saksbehandlarar skal du sikre at støtte blir gitt til rett mottakar i samsvar med gjeldande reglar og prioriteringar. Gjennom rettleiing av butikkar og Merkur-konsulentar vil du vere med på å løfte kvaliteten på søknader og sikre god og effektiv behandling.
Som saksbehandlar vil du jobbe mykje med:
- Sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar.
- Gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane.
- Følge opp tilsegn om støtte.
- Følge opp budsjett for Merkur-området
- Etablere og følgje opp rutiner for saksbehandling og rapportering.
- har økonomi- og/eller jusutdanning, gjerne på bachelornivå. Erfaring kan erstatte formell utdanning.
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
- møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
- er flink til å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI, og har lett for å ta i bruk nye verktøy.
- sakshandsaming og forvaltning av offentlege verkemiddel
- rådgjeving
- regionalforvaltning.no
- Du er løysingsorientert, strukturert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
- Du har god vurderingsevne og evnar å sjå moglegheiter.
- Du er sjølvstendig, men jobbar også godt saman med andre.
- samfunnsoppdraget vårt engasjerer deg.
- du kjenner deg att i verdiane våre – kompetent, engasjert og folkeleg.
I Distriktssenteret får du
- godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman.
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag.
- varierte arbeidsoppgåver og hyppig bruk av moderne digitale verktøy.
- fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk.
- trening i arbeidstida.
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar.
- konkurransedyktig løn.
Meir om Merkur-programmet
Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.
Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomisk støtte som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som følgjer opp butikkar i heile landet.
Les meir om Merkur-programmet www.merkur-programmet.no
Gjør deg mer kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
27acba45-853f-4f17-b021-ddc74d2befd7
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10259155