Reinhaldar med fagbrev
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar
Oppstart
25. september 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Antall stillinger
1
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Vi søkjer etter reinhaldar i 60 % til vår avdeling i Haugesund, tiltredelse snarest.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald i fellesområder, kontor og pasientrom
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan reinhald/lang relevant erfaring
- IKT-kunnskap
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Punktleg og påliteleg
- Nøyaktig og ryddig, har fokus på kvalitet
- Strukturert og sjølvstendig
- Serviceorientert og ansvarsbevisst
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overienskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kari Sætre, Funksjonsleiar, 45299840Kari Bjelland Wågen, funksjonsleiar, 90062586
Arbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4680323547
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 25.09.2023
Søknadsfrist: 01.10.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2434444
- Sist endret
2. oktober 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
927f4854f9f04321a927d3d2c8378421