Pedagog i visuelle kunstfag
Kulturskule
Grovagjelet, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Pedagog i visuelle fag
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 30%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. november
Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!
- Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
- Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
- Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
- Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.
Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.
- Arbeid med elevgrupper
Kvalifikasjonar
- Kunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag.
- Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.
- Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid
- Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag
- Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi
- Førarkort og tilgang til bil
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
- Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
- Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
- Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771Arbeidsstad
Grovagjelet5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5204385432
Stillingsprosent: 30%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne Cathrine Eiken
Kulturskulerektor
+47 975 16 771
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777ddaf-4aca-45a9-a8b2-ee97a4d4005c
- Sist endret
3. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c37ae44c73634552a6cb7c36628daddc