Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - IT-ansvarleg
Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
Skansen 9, 2670 Otta
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. juni
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 100 % fast stilling som IT-ansvarleg frå 1. august 2025.
Vi søkjer deg som- serviceinnstilt, fleksibel og glad i folk
- har gode samarbeidsevnar
- tålar eit høgt arbeidstempo til ulike tider
- tar ansvar og er strukturert og nøyaktig
- har brei erfaring og solid IKT-kompetanse, spesielt knytt til verktøy og plattformer som Microsoft 365, Citrix-løysingar, Cisco mm.
- interessante arbeidsoppgåver i nær og tett kontakt med elevar, tilsette og IKT-kollegaer i fylkeskommunen
- ein spennande arbeidsplass der ingen dagar er like
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- 100 % fast stilling ledig frå 1. august 2025
- 85 % ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
- 15 % ved Karriere Innlandet Gudbrandsdal
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk
- support for personale og elevar, og andre besøkjande på IT-løysingane og programvara til skulen, og dessutan bidra til brukaropplæring
- ansvar for og oversikt over utstyrsparken til skulen innan IT, inkludert elev PC-ar
- vere pådrivar for kontinuitet, fagleg utvikling, datatryggleik og personvern ved skulen
- innkjøp av nytt IT-utstyr ved behov
- ha fagansvar for lærlingar i IKT-driftsfag og dataelektronikarfag
- utdanning frå høgskule/universitet, eller fagbrev med fagskuleutdanning knytt til fagområdet
- utdanning kan erstattast med relevant erfaring
- god kunnskap om datatryggleik og personvern
- gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig