Hopp til innhold

Sjukepleiar - vikariat

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
19. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus søkjer engasjert sjukepleiar til vikariat. Periode: 19.01.2026 - 31.08.2026.
Moglegheit for forlenga vikariat.

Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg!

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) har 17 sengeplassar og tek imot både elektive pasientar og augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagfelt: 

  • Augekirurgi👁 
  • Endokrinkirurgi🧠 
  • Gastrokirurgi 🍽 
  • Karkirurgi🫀
  • Plastikkirurgi🧬
  • Thoraxkirurgi🫁 
  • Urologi💧 
  • Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂 


Vil du bli ein del av vårt team?

Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved FSS! 


Arbeidsoppgåver

  • Pre og postoperativ sjukepleie, akutt sjukepleie, palliasjon
  • Prosedyrer knytt til dei ulike fagfelta
  • Medikamenthåndtering
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samhandling med kommunehelsetenesta

Kven er du?

Vi ser etter deg som: 

  • Er norsk autorisert sjukepleiar
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
  • Har kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) og auge.
  • Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit

Personlege eigenskapar

  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Sjølvstendig

Kva kan vi tilby deg

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
  • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling 
  • Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5053043281
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.01.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

26f94157-6077-434b-addd-d81ed31b4de4

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dca6444d3c0b4c6e8c8c9b1c227c1455

Lignende annonser