Reinhaldar
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Åfjordvegen 901, 6958 Sørbøvåg
Om jobben
Hyllestad kommune har ledig fast 70 % stilling som reinhaldar. Aktuell arbeidsstad er Hyllestad omsorgssenter Eiklund, Sørbøvåg. Reinhald på institusjon og praktisk bistand i heimen. Vi ser etter ein medarbeidar som tar eit aktivt ansvar, er engasjert og ansvarleg i si rolle i organisasjonen vår.
- Stillingstittel
- Renholder
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Ønskjeleg med fagbrev, men ikkje eit krav
-
Helst relevant erfaring som reinhaldar
-
Gode norskkunnskapar
-
Førarkort kl. B, kommunal bil til disposisjon
Personlege eigenskaper
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Ansvarsbevisst, påliteleg, ryddig og serviceinnstilt
-
Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg reinhald av kommunen sine lokaler i tråd med reinhaldsplan
-
Praktisk bistand (reinhald) i heimane rundt om i kommunen
-
Avfallshandtering
-
Bruk av ulike reinhaldsmaskiner
-
Periodisk reinhald/nedvask
Vi tilbyr
-
Fagleg godt arbeidsmiljø, trivelege kollegaer
-
Moglegheit for å ta fagbrev på jobb
-
Løn etter tariff
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
God arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
-
Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og tips til ein eventuell jobb til partnar
Kontaktperson for stillingen
Linn Christin Fløholm
Einingsleiar omsorg
57789605
Om bedriften
HYLLESTAD KOMMUNE
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko.
Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen har fått eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.
Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, samt gje innbyggarane gode tenester.
Velkommen!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26deffb9-44a6-46cb-8fb2-358cf45fa424
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
26deffb9-44a6-46cb-8fb2-358cf45fa424
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Sted
Sørbøvåg
Industrirenholder
Arbeidsgiver
Renex Servicepartner Vest As Avd Bergen Vestland
Sted
Bergen, Gulen, Vestland
Renholdsmedarbeider (bedrift)
Arbeidsgiver
Renex Servicepartner As Avd. Vestland
Sted
Byrknesøy, Bergen, Gulen