HR rådgjevar - 100% fast
Ål kommune HR-avdeling
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Me søkjer etter ein HR rådgjevar som vil vere med på å styrke og utvikle HR feltet i Ål vidare. Det er 8 tilsette ved HR avdelinga og avdelinga består av lønn, personal og ein juridisk rådgjevar. Ål kommune har eit samarbeid med Hemsedal og Gol kommune innan personal og lønn. Som HR rådgjevar hjå oss får du ein sentral rolle i kommunen og du blir ein viktig del av teamet vårt. Om dette høyrest ut som ein spennande stilling ikkje nøl med å ta kontakt. Me ser fram til å få søknaden din!
Arbeidsoppgåver:- Sakshandsaming og utgreiing innan personalfaglege spørsmål.
- Forvaltning av lov- og avtaleverk.
- Rekrutteringsarbeid.
- Leiarstøtte i personalsaker og HR området.
- Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og regelverk.
- Delta i leiarutvikling- og forbetringsarbeid.
- Kursing og opplæring innan fagområdet.
- Systemansvar.
- Nærværsarbeid, arbeidsmiljø og HMS.
Stillinga vil kunne tilpassast ut ifrå søkjarens kompetanse og erfaring og annan kompetanse i avdelinga.
Kvalifikasjonskrav:- Relevant utdanning på bachelornivå eller masternivå.
- Gode digitale ferdigheiter.
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne.
- Ønskjeleg med erfaring frå endringsprosessar.
- Ønskjeleg med erfaring frå personalarbeid innan offentleg sektor.
- Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk.
- Relasjonsbyggjar: du er positiv og har ei tillitsskapande åtferd, evner å byggje gode relasjonar og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen.
- Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
- Service- og brukerorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i din samhandling med andre.
- Du syns det er spennande og gjevande å vere med å byggje eit godt lokalsamfunn.
- Jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede.
- Løn etter tariffavtale og innmelding i KLP.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Send søknad:- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843105
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3456741_211247_nn