Maskinist i byggetilsyn: vil du forme framtidas ferjeteknologi?
Fjord1 - Maritim Teknisk, Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Maskinist i byggetilsyn - ombygging
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Vi skal gjennomføre omfattande ombyggingar av fartøya MF Hornelen, MF Losna og MF Nordfjord, som skal traffikere samband i Sogn og Fjordane. I samarbeid med Tersan Havyard, Leirvik i Sogn, skal vi mellom anna oppgradere framdriftslinjene på fartøya til dagsaktuell moderne, miljøvennleg teknologi.
Prosjektet er tidsavgrensa med ombygging og vedlikehald som varer frå hausten 2026 til hausten 2027. Du får jobbe tett på verft og vere ein del av eit kompetent team med prosjektleiar, nautikar og maskinist. For perioden på verft legg ein som utgangspunkt opp til to veker på byggjeverft og deretter ei veke fri. Ved særlege høve kan andre ordningar vurderast. Ved innfasing i prosjektet kan det måtte påreknast noko tid på hovudkontoret i Florø.
I hektiske periodar ved byggeverftet, kan det bli nødvendig med ein ekstra innsats, men fleksibiliteten går begge vegar. Er du ein person som ikkje er redd for nye utfordringar, og som kjenner at her kan du både utvikle deg og bidra med verdifull kompetanse? Då kan du vere den vi ser etter!
Som selskap har vi stor interesse i vidareføring av opparbeidd kompetanse frå prosjektet og inn i drifta av våre moderne og miljøvennlege fartøy. Etter ferdigstilling vil du stille sterkt dersom du vil søke på andre relevante stillingar i Fjord1.
Er du nysgjerrig på å ta del i denne viktige satsinga og samtidig sikre deg ein spennande og trygg jobb i framtidas ferjenæring? Ta kontakt!
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp at fartøya blir ombygd i samsvar med kontrakt og spesifikasjonar.
- Dagleg kommunikasjon med verft.
- Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon.
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument.
- Inspeksjonar og kvalitetskontroll på verft og hos utstyrsleverandørar.
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar.
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt.
Vi ser etter deg som
- har utdanning som maskinist, og gjerne arbeidserfaring fra ferjedrift
- har anna relevant utdanning og erfaring frå design-, verfts- eller utstyrsleverandør, helst knytt til ferjer
- kan bruke engelsk som skriftleg arbeidsspråk
- erfaring frå lengre verftsopphald vil bli vektlagt
- har relevant prosjekterfaring eller teknisk kompetanse
- er komfortabel med digitale arbeidsverktøy
I tillegg verdset vi at du
- er strukturert og nøyaktig
- tar ansvar og initiativ
- er fleksibel og løysingsorientert
- likar å samarbeide i team
- bidreg til at Fjord1 når måla sine
- har kjennskap til fartøya som skal byggast om - ein fordel men ikkje eit krav
Dette får du hos oss
- Auka kompetanse og lærdom knytt til nyskapande og framtidsretta teknologi.
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle drifta i Fjord1.
- Eit inkluderande tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg vekst i ein stor og trygg organisasjon.
- Turnus ved verft og normal arbeidstid på kontoret.
- Ei velferdsordning vi er meget stolt av.
- Blandt marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon.
Kontaktinformasjon
Svein Arne Torvanger, Leiar nybygg, +47 97006382, svein.arne.torvanger@fjord1.noFritz Borgen, Prosjektleiar Nybygg, 93837520, fritz.borgen@fjord1.no
Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, 95152023, nina.liseth@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5101918998
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 13.04.2026
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26d1078b-1bc5-4092-a3bd-fff1c30fe0af
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c28c97fea6e34ccc875022e2ee9b3889