Er du opptatt av dokumentforvaltning og digitalisering?
Vindafjord kommune Kommunikasjon og service
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent arkiv og servicetorg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Me søkjer ein nøyaktig og effektiv konsulent i 100% fast stilling ved avdeling kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Avdelinga sine ansvarsområder er servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Hos oss vil du få moglegheit til å jobba med varierte og spennande oppgåver, i ein avdeling som set samarbeid, kompetanseutvikling og trivsel høgt. Hovuoppgåvene vil vere knytta til arkiv, men i stillinga inngår det og oppgåver innan dei andre fagfelta på avdelinga.
Kva får du jobbe med hos oss:- Daglege driftsoppgåver innan arkivhald.
- Kvalitetssikring i elektroniske arkiv.
- Arbeid med digitale prosessar knytta til dokumentforvaltning og automatisering.
- Support, støtte og opplæring i kommunens saksbehandlingssystem WebSak+.
- Medvirkning i vidareutvikling av rutinar innanfor arkivområdet.
- Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdelinga sine fagområder.
- Ein unik arkivfagleg utfordring i grenselandet mellom arkiv og IT i tillegg til andre spennande oppgåver.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Fagbrev i service- og administrasjonsfaget, IT-driftsfaget eller gjennomført arkivskolen. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
- Det er ønskeleg med arkivfagleg bakgrunn og sterk IT forståing med kjennskap til digitale prosessar og elektroniske arkivløysingar.
- Erfaring frå offentleg forvaltning vil være ein fordel.
- God kjennskap til relevant lovverk som arkivlova med forskrift, offentleglova og forvaltningslova.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du er serviceinntilt.
- Strukturert, nøyaktig og løysningsorientert.
- Engasjert og har stor gjennomføringsevne.
- God på samarbeid og kommunikasjon.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26b3dad8-812d-42bd-8fcc-e4801fc824f0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3508509_229885_nn