Medisinsk sekretær/helsesekretær
Kirurgisk klinikk/ Poliklinikk Urologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medisinsk sekretær/helsesekretær
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Urologisk avdeling er ein av fem avdelingar i kirurgisk klinikk, der vi behandlar pasientar med kreft eller andre sjukdommar i urinvegane. Vi er ein stor avdeling med høg aktivitet, eit godt tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
Nå treng vi ein dyktig medisinsk sekretær/helsesekretær som skal jobbe i team med andre dyktige sekretærar på vår poliklinikk. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar bør du søke stilling hos oss. Set du pasienten først og er opptatt av å levere profesjonelle helsetenester vil du passe godt inn her.
Stillinga er ei 80% fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og innkalling av pasientar til operasjon både på sentraloperasjon og dagkirurgen
- Timebestilling og koordinering
- Registrering av pasientdata i ulike datasystem
- Telefonteneste
- Tett samarbeid med avd. sjukepleiar og ass. avd. sjukepleiar
- Diverse bestillingar: tolk, transport og hotell
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter ein person med utdanning som medisinsk sekretær, helsesekretær eller tilsvarande. Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Det er ønskeleg med god IKT-kunnskap
- Sekretærane arbeider med pasientdokumentasjon, difor er det viktig at du meistrar norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
- Du må ha gode evne til forståing og omstilling
Personlege eigenskapar
- Strukturert og nøyaktig
- Sjølstendig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Fleksibel
- Arbeidsam og må trivast i eit aktiv og travelt miljø
- Endringsorientert
- Bidra til eit godt arbeidmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Introduksjonskurs
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hanne Merethe Landro, Avdelingssjukepleiar, 55970061Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4911693683
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 10.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843171
- Hentet fra
talentech
- Referanse
403d3021566e4c0ba157745a1a7cd3c5