Vil du jobbe som VVS- teknikar ved landets største teater?
Det Norske Teatret
Kristian IV 8, 0164 Oslo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
VVS- teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Det er ledig ei fast stilling som
VVS- teknikarVi søker ein allsidig VVS- teknikar!
Vil du jobbe ein stad der du får nytta kompetansen din i eit av Noregs viktigaste kulturbygg?
Du vil vere ein viktig del av vedlikehaldsavdelinga vår og utføre drift- og tilsynsrelaterte arbeidsoppgåver. Du vil ha fagleg ansvar for VVS anlegg på teatret. I jobben inngår vedlikehald av teaterteknisk utstyr, feilsøking og reparasjonar. Avdelinga har ansvar for bygget og alle faste tekniske installasjonar. Du vil inngå i FDV-avdelinga som består av fem personar som arbeider tverrfagleg og i nært samarbeid med scenetekniske avdelingar.
Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring-
Fagbrev innan VVS teknikk/ fagskole
-
Høy kompetanse i SD anlegg, ventilasjon, varme, kjøletekniske anlegg og drift av komplekse VVS system
-
Erfaringar frå drift, vedlikehald og igangsetting av byggtekniske installasjonar
-
Erfaringar ved brannvarselanlegg, generell styresystem kompetanse
-
Særs god analytisk- og systematisk feilsøkingskompetanse
-
Relevant yrkespraksis kan kompensere for ein del formell utdanning, og vi oppfordrar deg som har erfaring innan VVS, automatikk eller serviceteknikk om å søke stillinga
-
Kompetanse med digitale verktøy og system
-
Erfaring i å lese tekniske teikningar, skjema og byggeteikningar
-
Ansvarsbevisst
-
Du må kunne arbeide sjølvstendig og være fleksibel
-
God evne til å feilsøke systematisk og analytisk
-
Du er flink til å prioritere under stress
-
Løysingsorientert, serviceinnstilt og diplomatisk
-
Allsidig og lærevillig
-
Du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg
-
God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
-
Utfordrande jobb i eit spennande og kreativt miljø
-
Gunstig ferieordning
-
Lønn etter gjeldande tariff
Arbeidstida er 35,5 timars veke. Avdelinga jobbar i ei skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.
Tiltreding etter avtale, fortrinnsvis september.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
264c29d2-e8de-4b9c-ab4f-f8e65547a06f
- Hentet fra
FINN
- Referanse
423043673