Sokneprest med tjenestested Rogne, Volbu, Hegge og Lidar sokn Valdres prosti
Den norske kirke, Hamar bispedømme
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest med tjenestested Rogne, Volbu, Hegge og Lidar sokn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Folkekyrkja i Øystre Slidre høyrer heime i eit lokalsamfunn med rike kulturelle tradisjonar, aktivt idrettsmiljø, vakre kulturlandskap og storslåtte fjellområde ved foten av Jotunheimen. Mykje flott natur er godt utgangspunkt for naturopplevingar sumar som vinter.
I 2023 budde det nær 3300 innbyggjarar her og 76 % av dei er medlemmar av kyrkja. Jordbruk og skogbruk er tradisjonelt den viktigaste næringsvegen. Turistnæringa er i sterk utvikling, og kommunen har mange store turistanlegg, særleg på Beitostølen med fleire hotell, fritidsbustader og godt utbygde skianlegg. Beitostølen Helsesportsenter er ei kompetanseverksemd som betyr mykje for kommunen. Beitostølen husar mange store skiarrangement. Valdres og Øystre Slidre har eit rikt kultur- og musikkmiljø, og arrangerer musikkfestivalar i fleire sjangrar: frå Trollrock til klassiske Hemsingfestivalen og Jørn-Hilme-stemnet for folkemusikk og dans.
Kommunen har tre barnehagar, to barneskular og ein ungdomskule. I nabokommunen Nord-Aurdal ligg Valdres vidaregåande skule. Her finn ein og Valdres folkehøgskule som er drive av KFUK/KFUM.
Øystre Slidre fellesrådsområde består av 4 sokn; Rogne, Volbu, Hegge og Lidar. Øystre Slidre har fire kyrkjer og Lyskapellet på Beitostølen. Hegge soknekyrkje er ei stavkyrkje frå 1216. Volbu, Rogne og Lidar kyrkjer er mellom 100-250 år gamle. Lyskapellet ligg i Lidar sokn og høyrer til Helsesportssenteret på Beitostølen. Det er kort avstand mellom kyrkjene, alle ligg i ein radius av 17 km frå kyrkjekontoret på kommunesenteret.
Soknepresten har et samarbeid med Beitostølen Resort om kvardagsmesse i Lyskapellet. Presten er og med på «Ridderuka» som blir avslutta med Ridderrennet på Beitostølen. Dette presenteres som "verdens største årlige vintersportuke for syns- og bevegelseshemmede". Pilegrimsvegen i Valdres går frå Hedalen i Sør-Aurdal til St. Tomas kyrkja på Filefjell, og det er pilegrimsvandring kvar sumar.
Prosten i Valdres gjer presteteneste (ca 50%) i Øystre Slidre og har gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan, og deltek i nokre av aktivitetane for born og unge.
Det er forordna 71 gudstenester i dei fire soknekyrkjene, der prosten gjennomfører om lag en tredel av desse. I tillegg kjem Den gylne time. Kvar sumar er det stølsmesser på fjellet i alle sokn. Desse er svært populære.
Kyrkjelivet har eit tydeleg folkekyrkjepreg. Kyrkja driv eit aktivt undervisningsarbeid blant born og unge. Tiltaka har jamt over svært god oppslutning og mange tiltak er knytt til gudstenestene. Kyrkja og presten nyt stor tillit hos folk og i kommunal forvaltning. Soknepresten sit i det psykososiale kriseteame. Tomaskyrkat. Kyrkja har eit godt forhold til skule og barnehage og er i gang med eit større planarbeid for skule-kyrkje-samarbeid.
I tillegg til prest og prost tel staben 12 personar i større eller mindre stillingar. Kyrkjeverje i 100% stilling, kyrkjemusikar i 80%, kyrkjegardsarbeidar i 100 %, ansvarleg for kyrkjeleg undervisning i 40% og sekretær i 50%. I tillegg kjem klokkarar og kyrkjetenarar i mindre stillingar. Soknepresten har ei viktig rolle som strategisk og pastoral leiar i arbeidet med den kyrkjelege verksamda i fellesrådsområdet.
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter off.lova §25, jfr. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42. Oppmoding om å få sitt navmn halde unna denne må grunngivast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforodninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise fram politiattest utan merknad.
Arbeidsoppgaver
- sete i Øystre Slidre fellesråd, Rogne, Volbu, Hegge og Lidar sokneråd samt Lyskapellets kapellråd.
- samarbeid med undervisningsansvarleg og prost om kyrkjeleg undervisning.
- ansvar for konfirmantundervisning (20-35 konfirmantar).
- gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
- andakter på Helsetunet som består av 18 omsorgsboliger, 36 sykehjemsrom
- delta i beredskapsordning i Valdres, månadlege prestekonvent og fordelte oppgåver ved ferieavvikling i Valdres prosti.
Kvalifikasjoner
Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrevet i Tenesteordningen med kvalifikasjonskrav for menighetsprester.
Praktisk teologisk utdanning.
Nytter nynorsk.
Personlige egenskaper
- Evne til både å arbeide sjølvstendig og å samarbeide.
- Forståing og interesse for samspel mellom tradisjon og fornying av lokalkyrkja.
- Engasjement for folkekyrkja.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsfellesskap og gode kontorforhold.
- Spennende samspel mellom kultur, natur og kyrkje.
- Arbeidsveiledning i bispedømmets regi.
- Lønn i stillingskode 1555 sokneprest.
- Innskudd i offentlig pensjonskasse.
- Skyssgodtgjering for tenestekjøyring og andre godtgjørelser etter gjeldende regler.
- Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innenfor lov- og regelverk og tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja.
Kontaktinformasjon
Carl Philip Weisser, prost, 91555504Eli Bekken, Rådgiver, 62550350
Arbeidssted
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4954309280
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Eli Bekken
Rådgiver
62550350
Carl Philip Weisser
prost
91555504
Om bedriften
Valdres prosti har 6 fellesrådsområde, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Etnedal, Øystre
Slidre, Vestre Slidre og Vang med eit samla folketal på om lag 18.000.
Eit særpreg ved kyrkjebiletet i Valdres, er at kyrkjene ligg tett med mange små
sokn og gode lokale relasjonar mellom folk og kyrkje. Dalen har til saman 34
gudshus, der åtte er mellomalderkyrkjer og seks av desse er stavkyrkjer.
I 2004 blei Pilegrimsvegen gjennom Valdres opna. Pilegrimsleia er 163 km, og
med start i Hedalen tek vandringa åtte dagar før ein endar på Filefjell i St.
Tomaskyrkja. Pilegrimsvegen går nordetter alle sokna i Vestre Slidre og er
innom fire av kyrkjene i vår kommune. Det blir organisert felles
pilegrimsvandring igjennom Valdres kvar sommar med god oppslutning.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2917389
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f69f3d02963b4cea8b459e224350e84c