Sjukepleiar - fast stilling på natt x 2
Natt team, Haram kommune, indre
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - fast stilling på natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus, natt
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. juli
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit
godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. - Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
- Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Gode turnustekniske løysingar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 45500844, malin.vatnehagen.stokke@haram.kommune.no
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5149373377
Stillingsprosent: 62,56%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 27.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla Walderhaug Lundberg
Konstituert avdelingsleiar, HT
47516769
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
26322a19-9c1a-4aa5-9cc0-4dc38fee8632
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8cd498107a034c5ba5a50c772af333be