Miljøarbeidar psykisk helse og rus
Sektor helse og omsorg, Fyresdal kommune
Landstadvegen 35, 3870 Fyresdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar psykisk helse og rus
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei meir robust teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, førebyggande arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi lyser derfor ut ei 100 % prosjektstilling med hovudvekt på førebygging hos barn og unge (0-17 år ) og unge vaksne (18-24 år) frå snarast og ut året med moglegheit til forlenging.
Vi ynskjer å bygge robuste barn og unge via eit tverrfagleg samarbeid.
På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil.
Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, psykiatrisk sjukepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Etablering av lågterskeltilbod i samarbeid med målgruppene.
- Oppsøkande verksemd
- Førebyggande arbeid barn og unge vaksne
- Samhandling med andre sektorar og avdelingar
- Delta i miljøterapeutiske tiltak individuelt og i grupper
- Tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid
- Vere støtteperson for målgruppene i høve til aktivitet
- Opplysningsarbeid
Den som blir tilsett skal vere med å forme og utvikle stillinga utifrå brukarbehova.
Kvalifikasjonar
- I hovudsak søker vi ein person med brei erfaring innan fagfeltet og målgruppene. Fag- eller høgskuleutdanning.
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familiar er eit pluss.
Personlege eigenskapar
- Har brukar i fokus
- Likar å arbeide med målgruppa
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Handlekraftig, likar utfordringar, er fleksibel og utviklingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Den som blir tilsett må disponere eigen bil.
Dette er i hovudsak ei dagtidsstilling med arbeidstid 37,5 t/veke. Ein må likevel pårekne noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.
Kontaktinformasjon
Anne Veum, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 95 17 74 21, anne.veum@fyresdal.kommune.noArbeidssted
Landstadvegen 353870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4965243028
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937002
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c0547be696ec409baeba9fec8691f03c