Vil du vera helsefagarbeidar ved Granvin Sjukeheim og Heimeteneste
Voss herad Område sør
Eidesvegen 24, 5763 Skare, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledig fast 88% nattevaktstilling som helsefagarbeidar Område Sør
Type ansettelse
Fast, deltid 88%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
Informasjon om stillinga:
Granvin Sjukeheim og Heimeteneste ligg vakkert til ved Granvinsfjorden, omkransa av den nydelege Mælandshagen - tidlegare hagen til Mælands Hotell. Sjukeheimen har 12 langtidsplassar og heimetenesta har ca 35 brukarar, lokalisert i omsorgsbustadar i Mælandshagen og rundtom på bygda elles. Sjukeheimen og heimetenesta samarbeidar tett og på tvers og har eit godt og stabilt arbeidsmiljø. Det er alltid 2 nattevakter på jobb saman i Område sør. Dei har ansvar for pasientane i sjukeheimen og eiga heimesjukepleierute i omsorgsbustadane tilknytt institusjonen. Me ser etter deg som er oppteken og interessert i eldreomsorg, eit godt arbeidsmiljø og som kan gje bebuarar på institusjon og brukarar i heimetenesta ein trygg og god stad å bu. Me er oppteken av at du er imøtekomande, positiv, fleksibel og at du er oppteken av og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Årsturnus
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
- Gode datakunnskapar. Opplæring i aktuelle fagsystem vil verta gitt .
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som:- Er god på samarbeid
- Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene
- Er interessert i eldreomsorg
- Utøva helsefagarbeid som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i Gerica
- Bidra til at interne og eksterne prosedyrar vert følgt
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
- Implementera velferdsteknologi
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25f50cd5-2bd0-4a5d-8ca4-4460e9e3b670
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3544673_213019_nn