Sesongarbeidar 2022
Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
Ødegårdvegen 3, 6200 Stranda, Fjord, Stranda
Om jobben
Stillingstittel
Kirkegårdsarbeider
Oppstart
11. mars 2022
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Har ledig 100 % stilling som sesongarbeidar i tida 01.05. -- 15.09.22
Vi søkjer arbeidsglade og sjølvstendige personar til sesongarbeid på gravplassane i Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Sesongen varer fra 1.mai til 1. september, og vi søkjer inntil 100 % stilling. Stillinga kan delast på fleire personar. Arbeidstid etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver:· Grønt vedlikehald som grasklipping, planting og stell av gravbed, staudar og buskefelt, luking, vatning osv.
· Vedlikehald av grusvegar.
· Søppelrydding.
· Vedlikehald av utstyr og reiskap.
· Medhjelpar ved graving av graver.
· Medhjelpar ved vedlikehald av kyrkjer
· Forfallande arbeid knytt til drift av gravplass
Kvalifikasjonar:· Gjerne erfaring med gartnararbeid og/eller er maskinkyndig.
· Beherske norsk munnleg.
· Over 18 år.
· Ha sertifikat og disponere bil.
Personlege eigenskapar:· Trives med fysisk utearbeid i all slags ver.
· Kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar for ulike oppgåver knytt til arbeid på ein gravplass.
· Omgjengeleg i møte med publikum og pårørande
Vi tilbyr:· Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale
· Arbeide i fellesskap med kyrkjegardsarbeidarane
· Oppmøtestad: Stranda kyrkjekontor eller Stordal kyrkjegard.
Anna:- Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med kyrkjegardane i Stranda og Fjord kommunar som arbeidsområde.
- Personlege eigenskapar vektleggast.
- Oppstart etter avtale etter 01.05.2022
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er 6 sokn i bygdene rundt Storfjorden, i Fjord og Stranda kommunar, med tilsaman 7000 innbyggjarar. Vi har 7 kyrkjer og 10 kyrkjegardar, der tre av dei ikkje er i tilknyting til kyrkja. Tilsette utgjer omlag 10 årsverk fordelt på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor er i Stranda.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1936712
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
25c93ee4-1269-4efd-a30b-2effdac5f245