Er du ein psykolog med hjarte for barn og unge?
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk - Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
På døgnposten ved BUP Haugesund møter vi barn og unge i ein krevjande livssituasjon – ofte i ein akutt fase der tryggleik, støtte og struktur er avgjerande. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.
Her hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggelege kollegaer. Døgnposten har totalt 10 senger (alder 6 - 18 år). Det er totalt 7 behandlerstillingar knytt til døgnposten hvorav 3 psykologspesialistar, 1 psykolog, 2 overlegar og ein LIS 3. Psykologane og psykologspesialistar fra døgnposten inngår i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhørande møter, samlingar, fagutvikling m.m. Per dags dato er det 21 psykologar og psykologspesialistar ansatt i 22 stillingar.
Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling. Har du interesse for dette, vil vi gjerne høyre frå deg. Både nyutdanna og spesialistar er velkomne til å søkja.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då er du velkommen til å søkje hos oss!
Ta gjerne kontakt med funksjonsleiar Marit Elise Lier på telefon 52 73 28 05 om du vil vite meir om stillinga eller kvardagen hos oss.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom i tverrfaglig team.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverket.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog/spesialistgodkjenning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP, men nyutdanna psykologer er velkomne til å søkje.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er god til å samarbeide – og trygg på å dele kunnskap både internt og med samarbeidspartnarar
- planlegg godt og står støtt i eiga rolle
- tenker nytt, finn løysingar og snur deg raskt når det trengst
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeide i tverrfaglege team.
- Moglegheit for kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kolleger.
- Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe.
Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Hos oss finner du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732805Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732805
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732805
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4968923107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
52732805
Marit Elise Lier
Funksjonsleiar
52732805
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
52732805
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted