HR- og administrasjonskonsulent
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Gota 16, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
HR- og administrasjonskonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Med oss fer du rikare!
Som HR- og administrasjonskonsulent i Musea i Sogn og Fjordane vil du få bidra til å oppnå målet vårt om at alle som er innom oss -både besøkande og tilsette, fer rikare. Vi arbeider for at våre tilsette skal få ein rikare arbeidskvardag og eit rikare liv. Rik på kjensla av tilhøyrsle, trivsel, motivasjon og utviklingslyst. Rik på kjensla av å bli sett, anerkjent og verdsatt for akkurat den du er. Rik på kjensla av å bidra til eit viktig og verdifult samfunnsoppdrag.
Som HR- og administrasjonskonsulent vil du få gleda av å bli kjent med kvar og ein av våre 60 tilsette. Du vil bidra på eit breidt spekter av HR-oppgaver, samt ha mykje å henge fingrane i av administrative oppgåver og ansvar. Du vil få ein variert arbeidskvardag, og ein arbeidsgjevar som vil gje deg det du treng for å få kvardagskabalen til å gå opp gjennom høg grad av fleksibilitet og tillit under ansvar.
Om stillinga
Som HR- og administrasjonskonsulent i Musea i Sogn og Fjordane vil du:Bistå HR-seksjon på arbeid med heile medarbeiderreisa til dei tilsette i MiSF, som blant anna vil inkludere oppgaver innanfor:
- Omdøme- og merkevarebygging
- Rekruttering
- On- og offboarding
- Rådgjevar og støttefunksjon for dei tilsette
- Kompetansekartlegging og utvikling
- Arbeidsrettslege problemstillingar og spørsmål
- Rapportering og HR-analyse
- Systemstøtte og utvikling av systema våre som p.d.d er Simployer og Tidsbanken
Bistå staben på diverse administrative oppgåver som f.eks:
- e-post og telefon/sentralbord
- IKT-oppgåver
- Enkle lønnsoppgåver
- Prosjektleiing på utviklingsprosjekt internt
- Innkjøp, leverandøroversikter og oppfølging
Kva kvalifikasjonar er vi på jakt etter?
For oss betyr dine personlege eigenskapar meir enn innhaldet på CV'en din når vi vil vurdere aktuelle kandidatar for denn stillinga. I det legg vi at vi ser etter deg som er interessert i oppgåvene nemnt ovanfor og som blir begeistra over moglegheita til å lære og setje seg inn i nye tema og problemstillingar. Du treng ikkje ha svar eller løysing på alt - men du må ha energi og driv til å ville finne det ut og setje deg inn i komplekse problemstillingar.
Stillinga vil i all hovudsak ha oppgåver foran PC. Det er derfor viktig at du har høg digital forståing, då det er du som vil ha ansvar for fleire av systema vi nyttar på HR- og administrasjonsområdet. Her vil du ha ansvar for utvikling og forbetring, men også vere den ein spør om ein treng hjelp eller råd.
Sjølv om CV ikkje er det vi legg mest vekt på, er det kjekt om du har noko erfaring innan følgande områder:
- Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, HR eller liknande.
- Høg digital forståing og erfaring med office-pakken
- Erfaring innanfor HR, adminstrasjon, lønn, HMS, IKT
- Sertifikat og tilgang til bil
Som HR- og administrasjonskonsulent vil du bli del av ein stab med mange kjekke folk. Du vil arbeide tettast med HR-sjef og stabssjef. Du vil vere første kontaktpunkt for våre tilsette på operative HR-oppgåver, og vil ha god nytte av god relasjonskompetanse.
Målet med stillinga er å bidra til å skape ein fantastisk arbeidsplass for våre tilsette gjennom oppfølging, utvikling, trivsel og motivasjon. Vi skal vere ein støttefunksjon og ein rådgjevar for arbeidsgjevar og arbeidstakar-sida, og høg grad av tillit og sørvis-evne er derfor også høgt vektlagt når vi skal finne vår nye medarbeidar.
Dagleg oppmøtestad vil vere i administrasjonen på Sandane, som er ein eigen fråskild del av Nordfjord Folkemuseum. Her sit resten av staben, som har oppgåver innan økonomi, IT, HR, marknad, kommunikasjon og drift. Sjølv om Sandane er preferert oppmøtestad kan vi vere fleksible ved ønskje om andre løysingar.
Moglegheiter og utfordringar
MoglegheiterDu vil få setje ditt eige preg på både arbeidskvardag og oppgåver. I det ligg det også eit potensiale for personleg og fagleg utvikling. Her vil vi ha fokus på å gje deg det du treng for å bli fagleg trygg i rolla.
Du kjem inn i eit stort nettverk av dyktige kollegaer både i staben og på kvart enkelt museum som du vil lære mykje av. Det er ein engasjert og kreativ gjeng som vil utfordre deg til å yte ditt beste. Du vil ikkje berre få innblikk i kva kulturarven vår er, korleis vi tek vare på og formidlar den – du vil også bli godt kjent i vår fantastiske region, Sogn og Fjordane frå Florø og Måløy i Vest, til Lærdal i aust.
Utfordringar
Å gjere alle til lags er ei umogleg oppgåve, og av og til er det slik at det ein utfører av stabsoppgåver ikkje fell i god jord hjå alle. Likevel må vi som arbeider i stab alltid ha dei overordna måla til organisasjonen i sikte, og vere trygg på eigen kompetanse og eigne beslutningar. Å kunne stå litt i ein "storm" kan vere ein god eigenskap å ta med, særskild i ei HR-rolle.
HR sitt primære fokus er å arbeide med og for menneska i organisasjonen. Dette gjer både spanande utfordringar og moglegheiter ettersom alle menneske er ulike. Hjå oss er det store mangfaldet i organisasjonen vår ein styrke, men når du arbeider med HR vil evna til å lytte, forstå og finne ulike tilnærmingsmåtar i møte med nettopp desse menneska vere nyttige eigenskapar for å finne gode løysingar.
Å vere ein støttefunksjon for tilsette på tolv individuelle museum, inneber å skaffe seg god oversikt og ha kontakt med mange menneske med veldig ulike føresetnader og behov. Evne til å styre eigen dag, prioritere, sette grenser og handtere fleire ballar i lufta vil løne seg for å kunne handtere utfordringane på ein sunn måte.
Søk på stillinga om du:
- Ønskjer å lære om og jobbe med HR, i kombinasjon med andre administrative oppgåver
- Ser glede i å bidra til å skape ein god arbeidsplass for dine kollegaer
- Interesserer deg for HR-faget
- Set pris på å ha mange ballar i lufta
- Er interessert i digitale verktøy, og trivast med å leite etter moglegheiter for nytenking og effektivisering
- Blir motivert av å samarbeide med mange dyktige kollegaer med høgt engasjement og høg kompetanse
- Likar å utfordre og utvikle deg fagleg
- Er på jakt etter ein kjekk og utfordrande jobb som du enkelt kan kombinere med alt anna du ønskjer å gjere i kvardagen
Om bedriften
Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I 2023 gav vi nær 50.000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta middelalterloft, eksport av kvernsteinar heilt tilbake til vikingtida og Lord Slingsby sine ekspedisjonar, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Sektor
Offentlig
Nettsted