Hopp til innhold

Tannlege

Arbeidsgiver

IDI-TH - Voss klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Sted

Miltzows Gata 2, 5700 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved Voss tannklinikk vert det ledig ei 100% + ei 80% fast stilling som tannlege. Ledig frå 23.feb.26. Tiltredelse etter avtale med leiar. Avgangskull vår 26 kan også søkje.

Noko ambulering til Vik tannklinikk må påreknast. Er difor ein fordel å ha sertifikat og bil.

Voss tannklinikk er ein klinikk for 5 tannlegar , 2 tannpleiarar og sekretærar. 

Voss herad er ein kommune sentralt i Vestland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal, i sørvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik.
Voss er et av landets største områder alpin skisport. Voss Fjellheisar er et skiheisanlegg rett ved Vossevangen med taubane fra stasjonen. Det er Vestlands største skianlegg der Voss Fjellandsby Myrkdalen er en voksende konkurrent. 
Voss har tradisjoner innen norsk bonde-og bygdekultur, som fortsatt holdes i hevd. Smalahove er en populær rett på Voss, og dette markeres med det årlige Smalahovesleppet. Et årlig arrangement på Voss er Ekstremsportveko.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.



Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 650.000,-
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Zareta Khaydarova, Klinikkleiar, 97038494
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Miltzows Gata 2
5700 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5041705015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2567ac12-3ed1-4107-868c-3ed2b107528e

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

6d631b45836e41f4a530939975a5ff34

Lignende annonser

Laster lignende annonser