Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Engelsvoll skule

Sted

Engelsvollvegen 91, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Engelsvoll skule har ledig ei fast lærarstilling på mellomtrinnet frå 01.08.26. 

Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull lærar. Du har solid relasjonskompetanse, ei inkluderandre og robust klasseleiing og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.  

Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, tilbyr elevane ein hjernevennleg skulekvardag, utviklar vår eigen skaparverkstad (maker space) og brukar Lesson study som metode.

 
Skulen er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå stasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.  

Dette skuleåret har vi 155 elevar og 23 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og kollegaer. 


Arbeidsoppgåver

  • Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre.  
  • Kjerneoppgåva er undervisning. I tillegg kan det bli aktuelt at du kan påta deg kontaktlæraroppgåver, og arbeider for eit ivaretakande og raust samarbeid med heimane. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande undervisning, arbeider du i team med skuleleiinga, lærarar og fagarbeidarar.   
  • Kvalifikasjonar

    • Du har godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Det er ein fordel om du har undervisningserfaring. 
    • Det er ein fordel om du har minimum 30 studiepoeng i engelsk og/eller norsk.
    • Du har gode munnlege og skriftelege ferdigheiter, i tillegg er du trygg i pedagogisk bruk av digitale verktøy.  
    • Du evner å realisere LK-20. 
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  
    • I høve til opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting. 

    Personlege eigenskapar

    • Vi er opptatt av at Engelsvoll skule skal vera ein god plass for alle å vere. Vi leitar difor etter deg som har god relasjonskompetanse, er ein dyktig klasseleiar, likar å arbeide i team, men som og kan arbeida sjølvstendig og ta avgjersler på eiga hand. 
    • Du har godt humør og er positiv bidragsyter inn i eit samla personale. Du er opptatt av å skape gode sosiale- og faglege resultat for elevar og kollegaer. Du er tydeleg og raus, er robust og har styrke til å handtera uforutsette situasjonar. 

    Vi tilbyr

    • På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr eit spennande og allsidig arbeid der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø.  
    • Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb. Veiledning for nyutdanna.  
    • Gode velferds- og forsikringsordningar. 
    • Lønn etter avtaleverk. 

    Kontaktinformasjon

    Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415, lise.folgesvold.pedersen@klepp.kommune.no
    Kristine Andersen, Avdelingsleiar, mellomtrinn, +47 40458229, kristine.andersen@klepp.kommune.no

    Arbeidsstad

    Engelsvollvegen 91
    4353 Klepp Stasjon

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Klepp kommune

    Referansenr.: 5123714006
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.05.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Kristine Andersen

    Avdelingsleiar, mellomtrinn

    +47 40458229

    kristine.andersen@klepp.kommune.no

    Lise Følgesvold Pedersen

    Rektor

    +47 45036415

    lise.folgesvold.pedersen@klepp.kommune.no

    Om bedriften

    Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

    Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

    Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

    Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    25635a64-b07d-4b9d-8241-67d31bdda113

    Sist endret

    4. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    dbe04975def748f6b0c56b9e657d9b55

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser