Psykolog - barn og unge
Kinn helsestasjon
Hans Blomgate 39, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Er du engasjert i psykisk helse barn og unge og søker spennande utfordringar?
Kinn kommune styrkar satsinga på barn og unge. Vi har etablert eit tverrfagleg team, Familiehjelpa i Kinn, som er eit gratis, lågterskel tilbod. Familiehjelpa skal gje hjelp og støtte til barn, unge og familiar, og har behandlarar med ulik kompetanse. Kinn kommune er ein BTI- kommune.
Vi søker ein fagleg engasjert og samarbeidsorientert psykolog som vil jobbe for å styrke og vidareutvikle det kommunale arbeidet innan psykisk helse og foreldrerettleiing. Stillinga inngår i Familiehjelpa i Kinn. Målgruppa vil vere barn og unge 0 - 18 år, og foreldre.
Kontorstad er Kinn helsestasjon Florø, men stillinga vil dekke heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid som inkluderer kartlegging og korttidsbehandling for målgruppa
- Delta i drift og utvikling av gruppetilbod
- Bidra til helsefremjande og førebyggande arbeid i kommunen
- Saman med øvrige samarbeidspartar utvikle tilbod til barn og unge i tråd med Veileder psykisk helsearbeid barn og unge
- Rettleiing og samarbeid med dei kommunale tenestene
- Proaktiv utvikling av psykiske helsetenester for barn og unge
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend psykolog med norsk autorisasjon
- Relevant jobberfaring frå arbeid med barn, unge og familiar er ønskeleg
- God etisk praksis i arbeidet
Personlege eigenskapar
- Likar å jobbe i relasjon med menneske og er oppteken av barn og unge
- Fungerer godt i team, er lojal og likar utfordringar
- Er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å jobbe sjølvstendig, vere fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- God formidlingsevne både munnleg og skriftleg
- God samarbeidsevne, interesse for tverrfagleg samarbeid og systemforståing vil bli vektlagt
Foruten faglege kvalifikasjonar legg vi stor vekt på personleg egnaheit.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ein kystby med tilgang til varierte kultur -og naturopplevingarGodt arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kolleger
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Konkurransedyktig lønn
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (KLP).
Prøvetida er 6 månader.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit. Dersom dette ikkje kan imøtekomast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Kari Liseth, Tenesteleiar Helsestasjon, 97588744Arbeidsstad
Hans Blomgate 396905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5015048499
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari Liseth
Tenesteleiar Helsestasjon
97588744
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
25428bbb-e279-4799-9c99-bc4e5cb1be0c
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
653135d559654fb1a7174084577ebabf
Lignende annonser
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Stiftinga Krisesenteret i Sogn Og Fjordane
Sted
Kinn
Arbeidsgiver
Florø klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Sted
Florø
Beredskapshjem barn og ungdom
Arbeidsgiver
Omsorgsgruppen AS
Sted
Akershus, Finnmark, Innlandet, Møre og Romsdal, Nordland, Oslo, Rogaland, Telemark, Troms, Trøndelag, Vestfold, Vestland, Østfold