Lege i spesialisering - hematologi
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering hematologi
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Avdeling for kreft, blodsjukdom og lindrande behandling (Kreftavdelinga) Førde sentralsjukehus, har ledig
- 100% fast stilling for lege i spesialisering i hematologi f.o.m 01.08.2023
Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, og består av 13 senger og poliklinikk. Avdelinga har pasientar innen fagområda onkologi, hematologi og palliasjon.
Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi gruppe 2-teneste. For fullstendige utdanningsløp, har ein avtale internt for gruppe 2-teneste og eksternt for gruppe 1-teneste.
Det er ei gradvis utvikling mot sjølvstendig funksjon innan definert fagområde.
Avdelinga har fem LIS-stillingar herav to innan hematologi. LIS inngår i femdelt vaktplan: kl. 16:00 - 19:00 mandag til fredag og kl. 09:00 - 14:00 helg og helligdagar.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk og administrativt arbeid ved sengepost og poliklinikk, t.d. innlegging/utskriving, konsultasjonar, bestilling og oppfølging av medikamentell kreftretta behandling, tilsyn og tilvisingar.
- Utgreiing og behandling av pasientar med hematologisk sjukdom, inkludert lymfom på poliklinikk og sengepost.
- Implementering og oppfølging av kliniske studiar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS2 indremedisin
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg for god pasientsikkerheit
- God evne til kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Høg fagleg standard
- Ein spennande og krevjande jobb i eit fagleg utviklande miljø
- Er du engasjert og ønskjer ein god fagleg utvikling kan vi tilby rettleiing med høg fagleg kompetanse
- Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningslinjer, og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ingunn Solheim Terøy, Avdelingssjef, +47 57839201/99235501Jaroslav Bublevic, Med.fagleg rådgjevar, +47 57831314
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4672623401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 26.06.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-forde.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2358140
- Sist endret
27. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7766bf1c0e9440de800ea7028521db72