Vil du vera med å forme framtida? Bli vår nye rådgjevar oppvekst
Vindafjord kommune Oppvekst
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar oppvekst
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. mai
Vindafjord kommune avdeling oppvekst har ein spennande fast 100% stilling som rådgjevar ledig frå 1. august. Som rådgjevar oppvekst jobbar du i team med barnehage og skulesjef og har mange varierte oppgåver i arbeidet med barn og unge. Rådgjevar oppvekst har ansvar for barnehage og skuleområdet. Me jobbar innafor eit bredt oppgåvefelt, med fokus på kvalitet og tverrfaglegheit. Me samarbeidar tett med området helse, kultur, barnevern og PPT for å tilby samansette heilskaplege tilbod til våre barn og unge. Vindafjord er ein kommune som tek barn og unge på alvor og me søker deg som brenner for barnehage og skule.
- Du får jobbe med ressursar
- Du følger opp tilskotsordningar
- Du får jobbe med statistikk og tal (GSI og BASIL)
- Du får jobbe med kurs og planleggingsdagar
- Du har ansvar for å følgja opp pedagogisk IKT plan og vidare koordinera og leia IKT rettleiarane på skulane
- Du får arbeida i team rundt barn og unge " Laget rundt barn og unge", LRBU
- Du får vera ein del av eit tilsynsnettverk med samarbeidskommunane Sauda, Suldal, VISS
- Du får arbeida med saksbehandling/revidering av planar
- Du får ansvarsområder innafor BTI arbeid, Ung data og samordning av lokale rus og kriminalførebyggande tiltal, SLT
- Du må til tider representere barnehage- og skuleeigar eksternt dersom det skulle vera behov for det
- Du er stedfortredar for barnehage- og skulesjef
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Du har relevant kompetanse på høgskule- eller universitetsnivå
- Du har god kompetanse og kunnskap i offentelege lovverk innafor grunnskule og barnehage
- Du har god IKT kunnskap
- Det er ønskeleg med leiarerfaring
- Det er ønskeleg med erfaring frå saksbehandling og oppfølging av politiske vedtak
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du må kunne arbeida sjølvstendig, målretta og strukturert
- Du er ein trygg og synleg person med høg arbeidskapasitet
- Du er lik å dele kunnskap, inkludera og bidra til gode prosesser
- Du lik nye utfordringar og evne til å gjennomføre endringar
- Du meistrer å arbeida innafor både korte tidsfrister og meir tidkrevjande og lengre prosessar
- Du har gode kommunikasjonsdugleik, samarbeidsevner, er fleksibel, utadvendt og god på realsjonar
- Du motivere til samskaping innafor fagområdet og på tvers av fagområdet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942692
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3501369_229709_nn