Sjukepleiar: kombinasjonsstilling kurbehandling i poliklinikk og sengepost
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Dersom du ynskjer å opparbeida deg solid erfaring og god kompetanse innanfor fleire spanande fagområder ynskjer vi DEG med på laget!!! Me tilbyr ein spennande kombinasjonsstilling der du har turnus både i poliklinikk og i medisinsk sengepost.
I poliklinikken får du møte pasientar med forskjellige diagnosar som til døme kreft og mage/tarm sjukdommar. Du vil få ansvar for å administere medikamentell behandling som er ordinert av våre legar på Voss sjukehus og på Haukeland universitetssjukehus.
I tillegg til dagarbeid i poliklinikken er du del av vårt bemanning i sengeposten. Dette byr på ein varrieret kvardag med 35,5 timers arbeidsveke og jobb kvar 3. helg. Som sjukepleiar i sengepost vil du bli del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Vårt tverrfaglige miljø består av ulike profesjonar som helsefagarbeidar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Observasjon og oppfylgjing av polikliniske og inneliggjande pasientar
- Utøva god omsorg for pasientar og pårørande
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- God fagleg kvalitet i pleie av pasientar
- Kjennskap til bruk av IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
- Bidreg positivt fagleg og kollegialt
- Er strukturert og tek ansvar
- Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar
- Har pasienten i fokus
- Verdset å halde deg fagleg oppdatert
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er tilpasningsdyktig og fleksibel
Me tilbyr
- Omfattande opplæring og kurs
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons -og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Årsturnus
- Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg
Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stine Hernes, Ass. seksjonsleiar, 97050458Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4968037749
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Stine Hernes
Ass. seksjonsleiar
97050458
Linn Christine Zwartjes De Wolfe
Seksjonsleiar
95890493
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
24e48d70-3338-479e-8b2e-ea8f9528dd7a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d86f13da3204f66aece505dc9badb37