Hopp til innhold

Otta /Karvestova ,Volda Omsorgssenter har ledig 92 % fast st for sjukepleiarar.

Arbeidsgiver

Volda kommune, Institusjonsteneste

Sted

Stormyra 2, 6100 Volda

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Otta/Karvestova Volda Omsorgssenter har ledig 92 % fast st for sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 92%
Arbeidstid
Turnus

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar,, som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte vernepleiar og kan og søke.

Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande. 

Vi har ledig 92 % fast st på  Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter,, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Otta /Karvestova er ei somatisk langtidsavdeling med 19 bebuerar fordelt på 2 grupper. 

Vi har f.t 2 delt turnus, med arbeid kvar 3 hel. Vi er no i eit TØRN prosjekt, der vi jobbar  mot Årsturnus og langvakter på helg. 


Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
  • Omsorg ved livets slutt.
  • Tett pårørande samarbeid.
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
  • Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert sjukepleiar,vernepleiar , oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
  • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
  • Du har lyst til å bidra til utvikling. 
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
  • Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.  

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.   

Kontaktinformasjon

Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta /Karvestova, 47889635, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instiusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5137430064
Stillingsprosent: 92%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ann-Sølvi Heltne

Avdelingsleiar Instiusjon

91144863

ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Kwan Brudevoll Salvesson

Seksjonsleiar Otta /Karvestova

47889635

kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24ca5ca5-aee1-49b1-ba09-a07bebc3680e

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aa095ba578b545d2a062de97ac2b72b3

Lignende annonser

Laster lignende annonser