Fagansvarleg i Eining for Miljø- og velferdstenester, vikariat
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg i Eining for Miljø og velferd, vikariat
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. juni
Er du vernepleier eller sjukepleier og brenn for fagleg utvikling, og ønsker å være ein pådrivar for kvalitet i tenestene? Då er dette er noko for deg.
Stryn kommune har ledig vikariat som fagansvarleg i eining for miljø- og velferdstenester. Som fagansvarleg samarbeider du tett med einingsleiar, avdelingsleiarar og tilsette for å sikre fagleg utvikling av avdelingane i Miljø og velferd. Miljø og velferd er ei eining som har brukarar med utviklingshemming i varierande grad og brukarar tilkytta psykiatri og rus.
Som fagansvarleg skal du bidra til kontinuerleg forbetring av direkte og indirekte tenester til brukarane og å sikre at tenestene som blir tilbydde er forsvarlege, av høg kvalitet og i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer. Gjennom planlegging, rettleiing og undervisning skal du medverke til å skape rammer slik at dei tilsette er i stand til å yte best moglege og berekraftige tenester.
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvar og utvikling:
- Initiere og fremme fagleg utvikling i forhald til lovverk, nasjonale retningslinjer, kommunale retningslinjer og beste praksis.
- Utarbeide, iverksette og evaluere opplæringsplanar for tilsette
- Fungere som fagleg leiarstøtte.
- Planlegge og bidra til kompetanseheving.
- Sikre at fagsystem og dokumentasjon bidrar til forsvarlege tenester for brukarane.
- Bidra til et godt fagmiljø gjennom kommunikasjon og samarbeid.
- Prosjektarbeid.
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning innan helse
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan pedagogikk eller rettleiing
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan habilitering/rehabilitering
- God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
- Førekort kl. B, disponere bil
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Du har et brennande engasjement og ønske om å jobbe med og for tenestegruppa vår, er fagleg sterk og liker å dele kunnskapen din.
Vi er opptatt av et godt arbeidsmiljø og søker en lagspelar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Motivert til å drive endringsarbeid og utvikle tenestene.
- Evne til å rettleie og undervise kollegaer og/eller andre samarbeidspartnarar
- Evne til å jobbe strukturert og selvstendig innenfor gitte rammer
- Fokus på brukarmedverknad og beslutningsstøtte
- Tydeleg, målretta og handlingsdyktig
Vi tilbyr
- Ei eining i positiv endring og utvikling
- Eit arbeidsmiljø med fokus på openheit, samarbeid og struktur
- Fagansvar og sjølvstendige arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4970004970
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 03.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Åshild Heggdal
Einingsleiar miljø- og velferdstenester
93446790
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945839
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1c22e5b1a57a47a5ae2bd280ad643d20