Bioingeniør
Patologisk laboratorium, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Oppstart
- 2. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Vil du vere med å bidra til framtidas kreftdiagnostikk?
Avdeling for patologi ved Helse Førde søkjer ein engasjert bioingeniør som vil bidra til presis diagnostikk for våre pasientar – og bli ein del av eit fagmiljø i spennande utvikling. Vi har ledig 100% fast stilling som bioingeniør frå 02.03.2026. Oppstart etter avtale.
Vi oppfordrar 3. års bioingeniørstudentar til å søkje.
Kvifor velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver – vi jobbar med histologi, immunhistokjemi, cytologi, molekylærbiologi og obduksjon.
- Fagleg utvikling – digitalisering og persontilpassa medisin er ein del av vår kvardag.
- Arbeidstid kvardag med fleksitid og fri helg og helligdager.
- Tett samarbeid – vi er ei lita, samansveisa avdeling med om lag 25 medarbeidarar.
- Kontinuerleg forbetring – vi jobbar mot akkreditering og høg kvalitet i alt vi gjer.
Om jobben
Ein patologisk diagnose gir grunnlaget for rett behandling. Hos oss blir du ein viktig del av kjeda som sikrar at pasientane får best mogleg hjelp. Vi mottek prøvar frå både sjukehus og primærhelsetenesta, og jobbar med moderne teknologi og metodar.
Om Førde og miljøet vårt
Førde er hjartet av Vestlandet – omgitt av fjord, fjell og kyst. Her finn du:
- Fantastiske friluftsmoglegheiter – toppturar, båtliv og ski.
- Eit rikt kulturliv – konsertar, kunst og gode matopplevingar.
- Eit sosialt arbeidsmiljø – vi arrangerer lunsjar, middagar og har kollegaer som driv med alt frå klatring og løping til kor og strikking.
Vil du bli med oss?
Søk no og bli ein del av eit fagmiljø som kombinerer høg kompetanse med godt kollegialt fellesskap.
Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
- Variert arbeid som eksempelvis arbeid med makrobeskjæring, fargeteknikkar på celler og vev, betjene instrumentpark
- Delta i kvalitetssikringsarbeid
- Vere aktivt med på utvikling av eigen og avdelinga sin kompetanse
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk lab tel positivt
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
- Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
- Du er positiv og omgjengeleg
- Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
- Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsplan for nytilsette
- Fagleg utvikling
- Dagtid med fleksitidsordning, kjernetid kl. 08.30-15.00.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Leiing med fokus på psykososial tryggleik
- Bistand til å skaffe bustad- opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, (+47) 918 06 787Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5048699752
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Tonje Bøyum Riste
Avdelingssjef
(+47) 918 06 787
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2493b219-ac43-435d-b3c2-89e04fec1d4c
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
62ee201149de4abf848fed22bc4efeda
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Patologisk laboratorium, Helse Førde
Sted
Førde
Ferievikar laboratorie
Arbeidsgiver
Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Mikrobiologisk laboratorium, Avdeling for Patologi, Helse Førde
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Sterilsentral Førde, Helse Førde
Sted
Førde