Hyllestad kommune søkjer ny einingsleiar omsorg
Hyllestad Kommune
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar omsorg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. august
Vi søkjer etter einingsleiar omsorg, fast 100 % stilling. Kvifor søkje hos oss?
-
Er du ein tydeleg og trygg leiar som ønskjer å vere med å forme framtida for omsorgstenestene i Hyllestad?
-
Er du er ein utviklingsorientert og jordnær leiar, som vil leie eit viktig samfunnsoppdrag med ansvar for drift, fag og økonomi?
-
Som einingsleiar vil du ha ei sentral rolle i kommunen si omsorgsteneste, med moglegheit for å arbeide saman med mange dyktige kollegaer, bidra til strategiske framtidsretta løysingar som gjer til at fleire eldre kan bu heime lenger.
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Samt at vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, rimelege barnehageplassar og du vil få fri tilgang til treningshall.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo Som einingsleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
-
Bidra til utvikling og iverksetting av kommunen sine strategiar, verdiar og vedtekne mål
-
Økonomisk planlegging, budsjettering og rapportering
-
Personalansvar
-
Overordna ansvar for handsaming av søknader til tenesta
-
Sakshandsaming knytt til omsorg
-
Som einingsleiar vil ein ha overordna ansvar for alle ansvarsområda innan omsorg
Lista er ikkje uttømmande, andre oppgåver kan kome i tillegg, samt endre seg etter behov. Kvalifikasjonskrav til stilling
Bachelorutdanning innan sjukepleie, alternativt anna helse- og sosialfagleg utdanning. Det er ynskjeleg at du har master innan organisasjon og leiing, men erfaring innan leiing, HR og økonomi i kommunal sektor kan vege opp for manglande vidareutdanning.
God relasjonskompetanse, vere ryddig og hovudfokus på kvalitet vil vere viktige personlege eigenskapar for stillinga. Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kst. kommunalsjef helse og omsorg Linda Dalsøren Meier telefon 577 89 513/417 68 401 eller HR-leiar Elin Garnes Solås, telefon 577 89 504. Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår! Relevante lenkjer
-
Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
-
Hyllestadinfo
-
Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
-
Sjå film om den fine kommunen vår!
Om bedriften
HYLLESTAD KOMMUNE - ein liten idyllisk vestlandskommune lokalisert på nordsida av Sognefjorden, i underkant av 1300 innbyggjarar og 130 tilsette. Vi treng fleire engasjerte og kompetente medarbeidar!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
247d9c5a-432a-4de8-a92d-ce22b14296ab
- Hentet fra
FINN
- Referanse
416440430