Hopp til innhold

Ferievikarar Helse- og omsorgstenestene 2026

Arbeidsgiver

Surnadal kommune Helse og familie

Sted

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
15
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Har du lyst på ein spanande om meiningsfull feriejobb, der du får vere med i utviklinga av gode tenester og gje hjelp av god kvalitet til innbyggarane våre?Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!Vi skal tilsette ferievikarar i:
  • Bu- og aktivitetstenesta
  • Heimetenesta
  • Surnadal legeteneste
  • Surnadal sjukeheim (alle avdelingar, samt vaskeri og kjøkken)

Vi bed om at du i søknaden prioriterer mellom einingane og at du skriv kor du kan tenkje deg å arbeide.
Aktuell periode er frå mai/juni og ut august månad. Vi vil gjerne at du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i dette tidsrommet.

Aktuell kompetanse/kvalifikasjonar:

Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiarstudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar. omsorgsarbeidar, assisistent. 
Anne helse- og sosialfagleg utdanning eller studiar kan også vere aktuelt.
Legestudentar er velkomne som søkarar.

For arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta er det ein fordel å ha førarkort kl.B
Det er krav til å legge fram tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til samarbeid med andre, samtidig som du er stand til å arbeide sjølvstendig.
Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar og dialog med tenestemottakarar, er det viktig å vere stødig i norsk både muntleg og skriftleg.
Hos oss får du:

- opplæring og rettleiing

- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn

- studentavlønning for høgskulegrupper med studie som er relevant for arbeidsoppgåvene

Ta gjerne kontakt med einingsleiarane (kontaktpersonane) ved dei ulike einingane for ein prat om ferievikarstilling:

Surnadal sjukeheim:Jenny Nordheim tlf 48209641
Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden tlf 48054672
Heimetenesta: Rikke Schwabe Øie tlf 99315202
Heimetenesta: Ann-Elin Stenberg, tlf 95751762

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ann-Elin Stenberg

+47 95751762

ann.elin.stenberg@surnadal.kommune.no

Om bedriften

Helse og familie er ei eining som består av tenester som støttekontakt, psykisk helse og rustenester, avlastningstilbod, miljøretta helsevern, skjenkekontroll, helsestasjon, fysioterapitenesta, koordinerande eining, jordmortenesta og folkehelsekoordinator. I hausten 2023 fikk vi Surnadal legesenter med på laget og gleder oss til å arbeide for gode legetenester i Surnadal åra framover og.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

245c323d-0e6c-491c-bdc4-99038b64900b

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584855_188475_nn

Lignende annonser