Erfarne tømrarar/snikkarar søkjast
Teigen Bygg & Trelast As
Opsangervegen 18, 5460 Husnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrarar/snikkarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Vil du vere med å byggje framtida saman med oss?
På grunn av aukande oppdragsmengde søkjer Bygger'n Teigen no erfarne tømrarar/snikkarar.
Vi ser etter deg som har fagbrev, er sjølvstendig og ønskjer ansvar for eigne prosjekt.
Du trivst med kundekontakt, tek eigarskap til arbeidet ditt og er ein god rollemodell for lærlingar og yngre kollegaer.
Arbeidsoppgåver-
Leiing og gjennomføring av eigne byggeprosjekt
-
Planlegging og koordinering på byggeplass
-
Oppfølging og rettleiing av lærlingar
-
Kundekontakt og samarbeid med leverandørar og samarbeidspartnarar
-
Sikre god kvalitet, framdrift og HMS
-
Har fagbrev som tømrar
-
Har relevant erfaring frå byggebransjen
-
Kan arbeide sjølvstendig og strukturert
-
Har gode samarbeidsevner
-
Har førarkort klasse B
-
Varierte og spennande prosjekt
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
-
Stor grad av ansvar og tillit
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Moglegheit til fagleg utvikling
-
Firmabil etter avtale
Kontaktperson: Even Stensletten Telefon: 90 88 00 71 E-post: even.stensletten@teigenbygg.no
Søknader vert vurderte fortløpande.
Om bedriften
Teigen Bygg & Trelast AS er ei solid og lokalt forankra verksemd på Husnes, etablert i 1985. Vi er ein del av Bygger’n-kjeda og driv byggevarehandel, trelastlager og entreprenørverksemd.
Vi leverer byggjevarer, trelast, verktøy og fagleg rådgjeving til både privatkundar og proffmarknaden. Entreprenøravdelinga vår består av eigne prosjektleiarar og dyktige tømrarar som gjennomfører alt frå mindre oppdrag og rehabilitering til nybygg og større byggjeprosjekt.
Gjennom HEIM Boligsystem tilbyr vi også moderne og fleksible bustadløysingar tilpassa kundane sine behov.
Vi legg stor vekt på fagkunnskap, godt handverk, kvalitet og god service.
Teigen Bygg & Trelast AS er sertifisert Miljøfyrtårn og arbeider aktivt med miljø, arbeidsmiljø og berekraftig drift.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2431d6c8-9f1d-464a-a632-f580629e431e
- Sist endret
14. november 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
480092960