Miljøveileder til prosjektstilling i skulemiljøteam
Vestnes kommune PPT
Ressurssenteret, Myra 23, 6390 Vestnes
Om jobben
Stillingstittel
Miljøveileder 100 % mellombels stilling
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. august
Vi søkjer ein engasjert og kompetent miljøveileder som vil ha ei viktig rolle i eit nyoppretta skulemiljøteam i kommunen. Stillinga er del av eit prosjekt finansiert gjennom tilskotsmidlar til skulemiljøarbeid i kommunar. Stillinga er mellombels, og knytt til tilskotsperioden på tre år. Miljøveilederen vil ha arbeidsstad ved PPT-kontoret, med leiar for PPT som næraste leiar.
ArbeidsområdeMiljøveilederen vil vere ein sentral ressurs i skulemiljøteamet og vil arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med skuleleiing, PPT og andre relevante tenester. Miljøveilederen vil bistå skulane direkte i skulemiljøsaker, men hovudfokuset er å utvikle og implementere langsiktige system for trygge og gode skulemiljø, som inkluderer å utvikle felles rutinar, malar, og evidensbaserte tiltak.
Kvalifikasjonar- Utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller tilsvarande sosialfagleg utdanning.
- Erfaring frå arbeid med psykososialt miljø og skulemiljøarbeid.
- Kompetanse i førebygging av mobbing, krenkingar og utrygge skulemiljø.
- Kjennskap til opplæringslova kapittel 12 og barnets beste-vurderingar.
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- Du er initiativrik, trygg og god til å skape relasjonar.
- Du har evne til å arbeide systematisk og målretta.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du har eit godt humør og evne til å motivere andre.
- Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit fagleg utviklande miljø.
- Moglegheit til å påverke skulemiljøarbeidet i kommunen.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Politiattest må framleggjast ved tilsetjing, denne ska ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Send søknad via elektronisk søknadsportal. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig