Kultur og innbyggardialog
Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?
Type ansettelse
Fast, deltid 14%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Ungdomsklubben på Ågotnes er ein møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubben har ope torsdagar kl. 18.00-20.30 på Frihuset på Ågotnes.
På klubben kan ein kome for å spele spel, game, delta i ulike aktivitetar og konkurransar eller berre henge.
Ungdomsklubben på Rong er ein open møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Klubbkveldane finn stad på Øygarden ungdomsskule annan kvar onsdag kl. 18.00-20.30. På programmet står ulike spel, konkurransar og turneringar, open kiosk og kjekke utflukter.
Fritidsklubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbod. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet i klubbane.
Vi har ledig stilling som 14% fast stilling som klubbmedarbeidar i ungdomsklubb. Arbeidsstad Rong eller Ågotnes.Arbeidsoppgåver:
- Vere aktivt til stades som ein trygg vaksen på klubben
- Ta initiativ til aktivitetar med barna
- Delta i planlegging av klubbkveldar
- Førebu og gjere innkjøp av matvarer, utstyr og materiale til aktivitetar
- Delta på personalmøte og bidra med innspel til saker
- Marknadsføring i sosiale medium og andre kanalar
- Det kan vere aktuelt å bidra inn i andre tiltak som ferieaktivitetar for barn når klubbane held feriestengd
Kvalifikasjonskrav
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og ungdom
- Gyldig politiattest
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Utdanning innan barne og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
- God digital kompetanse
- Kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen
- Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
- Du trivs med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
- Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap
- Du har god gjennomføringsevne og er ikkje redd for å ta i eit tak
- Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta
Vi tilbyr
- Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
- Utfordrande, varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Deltidsstilling som kan kombinerast med studium eller andre jobbar
Arbeidstid
Fritidsklubbane følgjer skuleåret og har i hovudsak stengd i skuleferiane. Dei tilsette har 5 vekers ferie og kan få andre oppgåver knytt til aktivitetstilbod for barn og unge i periodane klubben har stengd.
Kontaktperson: Hilde Kristin Egeland, telefon 975 85 142
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2412b1be-b7ef-45c5-953a-ac5f181bb2a7
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3514481_210189_nn