Overlege - spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Overlege - spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi er på jakt etter dyktige og engasjerte spesialistar i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø, for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Om du brenn for eit spesielt fagfelt og ønskjer å fordjupe deg i dette, vil vi leggje til rette for det. Dette gjeld også om du er interessert i klinikk-nær forsking. Om dette høyres ut som noko for deg, så er du hjarteleg velkomen til å søkje på stilling hos oss.
Vi har ledig 2 overlegestillingar for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved akutt- og utgreiiningseininga vår i Ålesund. Oppstart etter avtale.
Akutt- og utgreiingseininga vår, er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket og familieeininga i Molde, det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom.
Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken.
Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
- Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam
- Rettleiing/supervisjon av LiS
- Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter
- Undervisning
- Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester
- Deltaking i bakvaktsordning
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
- Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
- Søkjarar som er på slutten av sin spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rekrutteringstillegg
- Utvida fri til fagleg fordjupning
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4845104915
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2719739
- Hentet fra
talentech
- Referanse
656eda45ab074e25828897da8437dc3f