Rettleiar sjukefråværsoppfølging
NAV Stord (regionkontor Sunnhordaland)
Bandadalsplassen 5, 5417 Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar sjukefråværsoppfølging
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Me søkjer dedikerte rettleiarar til sjukefråværsteamet i Nav region Sunnhordland. Rettleiarane i sjukefråværsteamet driv oppfølging av dei sjukemeldte og arbeidsgjevarane i regionen, i høve sjukefråvær og sjukefråværsoppfølging. Me ser etter deg som ser viktigheita av heilskapleg sjukefråværsoppfølging, samt samarbeid med arbeidsgjevarar kring oppfølging av sjukemeldte i tråd av samfunnsoppdraget til Nav.
Interesserer dette deg? Då kan du vera personen me ser etter!
Nav Stord er regionskontoret i Sunnhordland. Me er per i dag om lag 70 tilsette. Ein vil vere tilsett og ha kontorstad på Nav Stord, men mykje av tida vil vere ute hos arbeidsgjevarar i regionen og på andre lokalkontor. Som rettleiar i sjukefråværsteamet har ein også eit tett samarbeid med helsevesenet. Nav er ein organisasjon i stadig utvikling og endring, og arbeids- og ansvarsområdet for stillinga kan difor endre seg etter behov. Du vil bli del av eit nyskapande og innovativt miljø, der me alltid har fokus på utvikling av dei beste tenestene til innbyggarane i Sunnhordland.
I søknadsteksta ber me deg skrive noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Avklare og kartleggje sjukemeldtes oppfølgings- og bistandsbehov
- Følgje opp arbeidsgjevarar i høve sjukefråvær
- Kontakt med samarbeidspartnarar som til dømes behandlarar, spesialisthelseteneste og tiltaksarrangørar
- Bidra til lik praksis og tilnærming i sjukefråværsoppfølginga i regionen
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode norskkunnskapar. Om du har eit anna morsmål enn norsk eller skandinavisk, ønsker vi at du dokumenterer språknivå tilsvarande B2.
- Gode formidlingsevner, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med menneske
Me ynskjer at du har:
- God kjennskap til arbeidsmarknaden
- Kjennskap til sjukefråværsarbeid
- God kjennskap til bruk av digitale arbeidsreiskap
- Erfaring frå å veilede personar i ulike livssituasjonar
- Kjennskap til LEAN-metodikk
Me ser etter deg som
- Har gode evner innan relasjonsarbeid
- Har fokus på å sjå heile mennesket
- Er nysgjerrig, uredd og ser moglegheiter
- Er initiativrik
- Er strukturert og arbeider målretta
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
Me tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- Stillinga er løna som rådgjevar 1434 i lønsspenn frå kr. 575 000 - 615 000 pr. år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgre løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Helga Strømme, Avdelingsleiar, 402 07 709, Helga.Valvatne.Stromme@nav.noArbeidssted
Bandadalsplassen 55417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4959664708
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 14.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929719
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1c881b2391c5444aafabbe4cf0020984