Er du kokk og vil lage mat som betyr noko?
Matforsyning avdeling - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved kjøkkenet på Haugesund sjukehus produserer vi mat som gir energi, tryggleik og glede til pasientar og kollegaer.
No ser vi etter ein engasjert kokk som vil vere med å lage sunn og smakfull mat til dei som treng det som mest.
Du blir ein del av eit flott team som serverer måltid til pasientar, tilsette og besøkande – og som har ansvar for produksjon til både pasientkantiner og personalkantina. Her lagar vi rundt 100 000 porsjonar i året – med stoltheit og respekt for råvarene og for menneska vi lagar maten til.
Stillinga er 100 % og inneheld arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale.
👉 Har du spørsmål? Ta kontakt med Andreas Johansson (funksjonsleiar) på 968 47 985 eller Bjarte Halleraker (avdelingsleiar) på 951 80 683.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene er blant anna:
- Å laga næringsrik mat frå grunnen, etter ulike behov og dietter.
- Du vil delta i både produksjonsarbeid og servering i kantina.
- Å jobba etter gode rutinar for mattryggleik (IK-mat og HACCP).
- Du har kontakt med pasientar og møter daglege, lærerike utfordringar knytt til ernæring og kosthald.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi treng deg som:
- Har fagbrev som kokk eller ernæringskokk.
- Erfaring i varebestilling/logistikk er et krav
- Har erfaring frå storkjøkken – gjerne sjukehus.
- Er strukturert, sjølvstendig og trivst med ansvar.
- Har god kjøkkenøkonomi og forstår viktigheita av logistikk
- Har god digital kompetanse og lærer deg nye system raskt.
- Det krevs gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunne dokumentere bestått eksamen på minimum trinn B2
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
- held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv
- god kjøkkenøkonomi og logistikk
- stiller høge krav til kvalitet og eigne resultat
- er fleksibel og serviceinnstilt, også når det går unna
- har eit smil på lur og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein arbeidsplass med mange spennande utfordringar.
- Bli ein del av eit kjøkken i utvikling, med nye planar og høg aktivitet.
- Moglegheit til å påverke fagområdet ditt og bidra til betre matopplevingar.
- God opplæring, støtte frå erfarne kollegaer – og høve til å lære meir.
- Introduksjonskurs, jamnlege kurs og leiaropplæring
For å kunne vurdere førerett til stillingen, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden
Kontaktinformasjon
Andreas Johansson, Funksjonsleiar, 96847985Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar, 95180683
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4969617987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23fa87fb-8f71-4fa8-bac6-8e195178de76
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34012d772ffe48669968c1f405c9bc8e