Vil du vere med å utvikle Helse Vest sin private sky?
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Site Reliability Engineer - SDDC
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Vil du vere med å forme helseteknologi for framtida? Helse Vest IKT har ansvaret for helsedata og IT-drift for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland.
No søker vi ein engasjert medarbeidar til SDDC-teamet vårt – ei nøkkelrolle i utviklinga av vår private sky.
Team SDDC er ein del av seksjonen for Server og lagring i tenesteområdet Privat sky, og har ansvar for grunnmuren i vår IT-infrastruktur. Det software-definerte datasenteret er i dag basert på VMware-teknologi (vCloud Foundation).
Vi ser no etter deg som brenn for virtualisering og samtidig ønsker å bidra til automatisering og vidareutvikling av tenestene vår. Du vil få moglegheit til å jobbe med kompleks infrastruktur – i eit miljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og høg grad av tillit.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle automasjon og sjølvbetening.
- Sentralisert drift og vidareutvikling.
- Kontinuerleg oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheit.
- Kunnskapsdeling (GitOps).
- Endringshandtering (ITIL) og preventivt vedlikehald.
Kvalifikasjonar
Vi ønsker oss deg som:
- Har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
- Har erfaring med og kompetanse om VMware sitt datasenterprodukt, vCloud Foundation (ESXi, vSAN, NSX-T…).
- Har erfaring med scripting og verktøy som Ansible for automasjon.
- Har erfaring frå drift i større miljø (ikkje eit krav).
- Kan sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta §69.
- Er nysgjerrig, strukturert og har eit ønske om å utgjere ein forskjell.
- Snakkar og skriv flytande norsk.
Personlege eigenskapar
- Har eit framtidsretta tankesett, og er nysgjerrig på teknologi og open for nye utfordringar.
- Har respekt for andre sine tankar og meiningar.
- Er hjelpsam, kunnskapsrik og likar å dele med andre.
- Har sans for struktur og kvalitet i arbeidet.
- Verdset eit godt arbeidsmiljø og bidreg med godt humør.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Spennande og samfunnsnyttige oppgåver i ein av Norges mest komplekse IT-infrastrukturar.
- Eit sterkt fagmiljø og moderne teknologiar frå øvste hylle.
- Nye, flotte kontorlokale på Kronstad X i Bergen.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og konferansar.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og moglegheit for heimekontor.
- Lunsjpause inkludert i arbeidstida.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg trivsel.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ivan Dyb Holmedal, Gruppeleiar, 90 60 22 28
Anders Fredrikson, Seksjonsleiar, +47 93 24 96 85
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4989389570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anders Fredrikson
Seksjonsleiar
+47 93 24 96 85
Ivan Dyb Holmedal
Gruppeleiar
90 60 22 28
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23f81d07-67c6-4e91-87f4-f257f11d3d3f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
031fb64fb3934563acc21057cfc90734