Hopp til innhold

Bli med på eventyret som RIB-førar / guide -- opplev Nordfjord frå sjøen!

Arbeidsgiver

Fjord Guiding AS

Sted

Kaivegen 12, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Båtførar/guide
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Engelsk eller norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Bli med på eventyret som RIB-førar / guide -- opplev Nordfjord frå sjøen!

Vil du ha ein jobb der arbeidsplassen er fjorden?

Fjord Guiding AS søkjer fleire dyktige RIB-førarar / guidar til vårt team i Nordfjord. Her får du kombinere sjøliv, fart, natur og formidling -- og gi gjestar frå heile verda ei oppleving dei aldri gløymer.

Fjord Guiding er Norges største RIB-operatør og opererer rundt 20 båtar i sesongen. Vi leverer guida opplevingar i nokre av dei vakraste fjordområda i landet.

Stillinga vil i hovudsak vere knytt til Nordfjordeid og Måløy , men det kan også bli aktuelt å køyre turar på Geirangerfjorden.

For rett kandidat kan det etter kvart vere mogleg med utvida ansvar og fast stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Sikker og profesjonell føring av RIB-båt på guida turar

  • Guide og formidle natur, historie og lokale forteljingar

  • Sørgje for ei trygg, spennande og minneverdig oppleving for gjestane

  • Klargjering, vask og enkelt vedlikehald av båtar og utstyr

  • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre gode gjesteopplevingar

Kvalifikasjonar

  • D5L (fritidsskippersertifikat) eller høgare

  • STCW Sikkerhetskurs for sjøfolk

  • SRS/VHF sertifikat eller høyere

  • Passasjer- og krisehåndteringskurs

  • Gyldig helseattest for sjøfolk

  • Flytande norsk, både munnleg og skriftleg

  • God munnleg engelsk

Personlege eigenskapar vert vektlagde, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi verdset mangfald i vårt team.

Dersom du ikkje har alle nødvendige sertifikat, kan vi tilby avtale om gjennomføring av kurs, mot at du forpliktar deg til å arbeide hos oss over ein lengre periode.

Vi ser etter deg som

  • Likar å snakke med og guide gjestar

  • Er interessert i natur og kulturlandskap

  • Trivst ute på sjøen og i naturen

  • Er sosial, utadvendt og ansvarsbevisst

  • Taklar høgt tempo i høgsesongen

Vi tilbyr

  • Gode lønnsordningar

  • Full opplæring

  • Eit sosialt arbeidsmiljø med fornøgde gjestar

  • Moglegheit for arbeid i fleire sesongar

  • Moglegheit for vidare karriere i selskapet

📍 Arbeidsstad: Nordfjordeid / Måløy (med moglegheit for turar i Geiranger)

Om bedriften

Fjord Guiding AS er Norges største operatør av RIB-opplevingar og opererer rundt 20 båtar i sesongen. Vi tilbyr guida turar i nokre av dei mest spektakulære fjordområda i landet, mellom anna i Nordfjord og på Geirangerfjorden.

Sidan oppstarten har målet vårt vore å gi gjestar frå heile verda trygge, lærerike og minneverdige opplevingar på fjorden. Våre guidar kombinerer fart og spenning med formidling av natur, historie og lokal kultur.

Selskapet har eit sterkt fokus på sikkerheit, kvalitet og gode gjesteopplevingar. Vi er også Miljøfyrtårn-sertifisert, og arbeider kontinuerleg for å redusere miljøpåverknaden frå verksemda vår.

Hos Fjord Guiding blir du ein del av eit sosialt og profesjonelt team med stor interesse for sjø, natur og formidling. Mange av våre tilsette kjem tilbake sesong etter sesong, og for rett person finst det gode moglegheiter for vidare utvikling i selskapet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

23d69a8c-af40-4bc1-8e17-4b5e432b2fc8

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

454045938

Lignende annonser

Laster lignende annonser