Helsefagarbeidar
Ørsta kommune
Dalevegen 24, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. juli
Vil du bli vår nye kollega?
Vi har ledig: 2 x 80 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 1.8.2025.
Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar og kan jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet. I heimetenesten møter du mange ulike brukarar med ulike samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for at dei skal kunne leve mest mogleg sjølvstendige liv.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar.
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Med oss kan du jobbe langvakter både på helg og i vekene. Det vil gi deg ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer på vakt. Vi er ei teneste som omstiller oss for å sikre gode helsetenester i framtida, og jobbar fleire timar på helg, etter behov i tenesta. Det kan vere med å gi fleksible friperiodar.
Vi søkjer etter ein medarbeidar som har engasjement, godt humør og vil bidra til vårt gode fellesskap og vidareutvikle ei bærekraftig teneste.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på førebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Rettleing og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta og strukturert
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Søkjer faglege utfordringar
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Kompetanseutvikling gjennom e-læringskurs og internundervising
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noNina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 246153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4988356274
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 10.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2382e0a9-ac1a-407e-a9ae-c0b501cefeec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c056af174b6d4e2299cff26f3172eac1