Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen.Kvifor velje oss?Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Bemanningskoordinator, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsstad
Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4914342590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.02.2025
Om bedriften
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2850178
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bfbee59560f94ff383332cd97c1fea82