Ønske du ein spennande og allsidig stilling som assistent i heimetenesten ytre sone?
Vindafjord kommune Heimetenesta
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent i heimetenesta for heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Heimetenesten i ytre sone har ledig fast stilling i 80 - 100% og me søke etter ein engasjerte og dyktig assistent.
Stillinga er allsidig, du arbeide i både heimetenesten og som assistent for praktisk bistand. Arbeidsoppgåver innan praktisk bistand innebere vask og reingjering i private heimar, i tillegg til at ein har oppdrag i heimetenesta med å utføra enkle oppdrag som stell og pleie til heimebuande.
Ytre sone har basekontor på Vindafjordtunet i Nedre Vats og gjer tenester til heimebuande i Vats, Skjold, Vikebygd og heimebuande i omsorgsbustadene på Vindafjordtunet. Tilsette arbeider i turnus fordelt mellom arbeid dag, kveld og 16 helger per år.
Kva får du jobba med hos oss?- Variert arbeid i eit positivt og allsidig arbeidsmiljø i lag med fagleg dyktige kollega.
- Ein meiningsfull jobb i eit godt og trygt arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollega.
- Du vil bli kjent med mange fotte mennesker gjennom arbeidet du skal utføra.
- Variert arbeid gjennom praktisk bistand og enkle helseoppdrag til brukarar i private heimar.
- Det er flott om du har kompetanse eller erfaring med arbeid innan helse og omsorg, men det er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.
- Du må ha grunnleggande data kompetanse.
- Har sertifikat for bil.
- Trivast med huslege arbeidsoppgåver.
- Vera flink med folk og ein god relasjonsbyggar.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Kva me ynskjer at du er:
- Sjølvstendig, engasjert og lærevillig
- Bidrar positivt inn i det gode arbeidsmiljøet vårt.
- Fleksibel og genuint interessert i å hjelpa andre menneske.
- Har gode samarbeidsevner, og tørr å spørre etter veiledning når du har behov.
- Kjem med innspill til forbetring og endring til det beste for våre brukarar
- Pliktoppfyllande og møter til avtalt tid.
- Har godt humør, initiativrik og er serviceinnstilt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me kan tilby:
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lukkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Spennande og allsidige dagar på jobb som gir deg brei erfaring.
- Kjekke tilsett goder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2941419
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3498765_229841_nn