Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønsker å gjer ein forskjell?
Vindafjord kommune Vindafjordtunet
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Er du ein helsefagarbeidar som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre? På Vindafjordtunet får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø, med direkte påverknad på livskvaliteten til bebuarane våre. Me har ledig faste 80-100% stillingar som helsefagarbeidarar. Turnusordninga er dag/kveld, og me ønsker deg som ein del av vårt team.
Om Vindafjordtunet:Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 14 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 34 plassar.
Hovudarbeidsoppgåver:- Bidra direkte til å gi bebuarane våre gode tenester når dei treng det.
- Helsefaglege oppgåver ; kartlegging, oppfølging, tiltak og medisinhandtering.
- Samarbeid med pårørande.
- Handtering av velferdsteknologi.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
- Helsefagarbeidarar på Vindafjordtunet får tilbod om lønn som er kr. 10.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
- Ved relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
- Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet, med bevissthet rundt korleis du sjølv påverkar kollegaene dine sin arbeidskvardag.
- Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og personell- er løysingsorientert
- Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane - bebuaren kjem først!
- Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Likar å finne nye måtar å arbeide på!
- Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930847
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3497185_229839_nn