Tømrar med sans for kvalitet – og 20 plussgrader om vinteren? 🔨
Fjordglas As
Sanatorievegen 79, 6872 Luster
Om jobben
Fjordglas har vekstambisjonar – og no ser me etter ein ny kollega til produksjonen vår! Er du ein tømrar med gode kunnskapar om trearbeid, auge for detaljar og trivst med å jobbe i team med andre? Då kan det vere nett deg me ser etter.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Tømrer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Hva vi ser etter
Kven er du?Du:
-
har fagbrev som tømrar (eller solid erfaring med trearbeid)
-
likar presisjon og kvalitet i arbeidet ditt
-
samarbeider godt i team
-
tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
snakkar og forstår norsk godt
Arbeidsoppgaver
Kva skal du jobbe med?Hos oss blir du ein del av produksjonen av norske glas og dører -- produkt me er stolte av, og som blir levert til prosjekt over heile landet. Arbeidet krev nøyaktigheit, struktur og ekte handverksglede.
Me har mange ulike arbeidsstasjonar. Det er og eigen nybygd treverkstad med maskiner og utstyr for rehabilitering og manuelt arbeid. Arbeidsoppgåvene blir rullert på for å skape mest mogeleg varierande og fleksible oppgåver for dei tilsette
Vi tilbyr
Kvifor jobbe i Fjordglas?-
💰 Gode løns- og arbeidstidsordningar
-
🛡 Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
🤝 Eit inkluderande og stabilt arbeidsmiljø
-
Fagleg stoltheit og høg kvalitet i alle ledd
Hos oss får du tryggleik, stabilitet og eit solid fagmiljø -- kombinert med godt humør og lagånd.
Om bedriften
Fjordglaser ein etablert norsk produsent av vindauge, dører og andre trebaserte bygningsprodukt, med hovudkontor og produksjon i Luster innerst i Sognefjorden. Bedrifta vart stifta i 1994 og har ei moderne produksjonslinje kombinert med solid handverkskompetanse, som sikrar høg kvalitet på både standardprodukt og skreddarsydde løysingar for byggemarknaden.
Vi nyttar førsteklasses norske råvarer og tilbyr produkt med energiglas og ulike funksjonar etter kundens behov. Fjordglas er kjent for pålitelege leveransar, god kundeservice og eit fagmiljø med fokus på teknologi og utvikling.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
22db9121-cbb6-4572-8e23-6a7e0958bfbc
- Sist endret
26. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
22db9121-cbb6-4572-8e23-6a7e0958bfbc