Lærar - 100% fast
Alver kommune
Veråsvegen 24, 5955 Lindås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - 100% fast - Lindås barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Om stillinga og Lindås barneskule
Skulen har ledig ei fast 100 % stilling som lærar.
Skulen vår har eit levande miljø med 260 elevar fordelt på 7 trinn og 14 klassar. Vi har eit team på 30 pedagogar i tillegg til dyktige fagfolk, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen. Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. Gjerne med erfaring frå undervisning.
Søkjarar som ikkje er formelt kvalifisert for fast tilstjing, kan verte vurderte for mellombels stilling.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærarar som:
- Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
- Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
- Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
- Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar
- Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
- Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte
Alver kommune har nynorsk som målform.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
229efb46-7668-487c-9e98-10a8673af78e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256659