Ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi
Universitetet i Bergen
Høyteknologisenteret i Bergen, Thormøhlensgate 55b, 5006 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i berekningsbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.-prosjektet har som mål å undersøkje korleis metodar frå Scientific Machine Learning (SciML) kan betre modellering og simulering av komplekse system i endokrinologi. Digital endokrinologi er eit raskt utviklande tverrfagleg felt som tek i bruk moderne teknologi i diagnostikk, oppfølging og behandling av hormonrelaterte sjukdomar. Det går frå tradisjonelle, snapshot-basert eller episodiske vurderingar av pasientar til kontinuerleg sanntidsovervaking og persontilpassa omsorg. Prosjektet vil fokusere på å utvikle metodar
for sanntidsprediksjon av kvasiperiodiske hormonprofilar og for å oppdage tidlege signal på sjukdom. Dette skal gjerast ved å kombinere mekanistisk modellering med metodar frå maskinlæring for å betre invers modellering og parameterestimering.
Dette ph.d.-prosjektet vil bli gjennomført i gruppa for matematisk systembiologi ved Computational Biology Unit, ei tverrfagleg eining ved UiB som arbeider i skjæringspunktet mellom informatikk og livsvitskap. CBU har medarbeidarar med variert kompetanse, inkludert ekspertar innan bioinformatikk, biologi, matematikk, informatikk, kjemi og biomedisin. CBU sitt primære fokus er å utvikle og implementere nye berekningsmetodar, og bruke desse i jakta på grunnleggande biologiske spørsmål.
Ph.d.-kandidaten vil dra nytte av medlemskap i den nye norske forskarskulen for beregningsorientert livsvitenskap (CompLiNOR), som vil starte si verksemd hausten 2026.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk,
berekningsvitskap, fysikk eller eit nærliggande fagområde med ein sterk matematisk
eller berekningsmessig komponent. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar
den endelege mastereksamen før 30.06.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden
er oppnådd før tilsetjing kan skje. - Gode programmeringsferdigheiter (Python, Matlab eller Julia) er eit krav.
- Solid bakgrunn i matematisk modellering, helst med ordinære og/eller
forsinkingsdifferensiallikningar, er eit krav. - Erfaring med maskinlæring og nevrale nettverk er eit krav.
- Erfaring med modellparameterisering, sensitivitetanalyse og optimalisering er ein
fordel. - God kompetanse i tidsserieanalyse, dynamiske systemteori og bifurkasjonanalyse er
ein fordel. - Interesse for translasjonell endokrinologi og digitale helseteknologiar er ein
fordel. - Søkjarar må kunna arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og ha god
kommunikasjonsevne og kapasitet for tverrfagleg samarbeid. - Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og
potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av
søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av
det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette
utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. - medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- obligatoriske vedlegg: 1. CV-en din, 2. eit motivasjonsbrev som inneheld ei skildring
av forskingsinteressene dine og ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i
høve til dei oppførte krava og fortrinna, og som forklarar korleis du møter kvart
kriterium. - namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren
frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. - karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har
fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa
dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med
karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. - relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom
påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) - eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer – ver så snill å
ikkje laste opp nokre publikasjonar)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må
lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Susanna Röblitz (susanna.roblitz@uib.no), Institutt for informatikk eller instituttleiar Inge Jonassen (inge.jonassen@uib.no), Institutt for informatikk.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
229d1b60-729b-4d4a-b677-67916466db54
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10291974