Barnehagelærar
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vera barnehagelærar i Sveio barnehage?
Sveio barnehage søkjer deg som har høg fagleg kompetanse og er motivert for å delta i utvikling av kvalitet i barnehagen. Dei komunale barnehagane i Sveio skal vera arena for tidleg innsats og trygt og godt barnehagemiljø.
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Me har kort veg til skog og hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, Salamanderpark og kjøpesenter. Barnehageåret 23/24 er det 45 barn i barnehagen fordelt på tre avdelingar, 1-6 år. Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet. Me har fokus på natur, berekraft og kosthald.
Me har aktivt og engasjert personale som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring. Me er med i Regional kompetanseheving (Rekom) sammen med dei andre kommunale barenahane og i partnarskap med høgskulane NLA og HVL der me arbeider målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd. Fokus er planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet.
Sveio barnehage søkjer barnehagelærar fast 100 % stilling frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Arbeida med og setje i verk det pedagogiske innhaldet i barnehagen i tråd med godt fagleg skjønn
- Arbeida målretta for å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planleggge, gjennomføre og dokumentere , vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa.
- Rettleiing av personale og delta aktivt i utvikling av det profesjonelle læringsfellesskapet i barnehagen
- Foreldresamarbeid
- Tverrfagleg samarbeid
- Prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagog i barnehage.
- Politiattest må framvises ved oppstart i stillinga.
- Me vektlegg personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, kreativ, har godt humør og kan undre deg saman med barna
- Har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne
- Har gode leiareigenskapar og er fagleg sterk
- Er god på samarbeid og evner å skape gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
- Ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen. Være med i endringsprosessar.
- Kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
- Har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
- Er glad i friluftsliv
- Har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne
Vi tilbyr
- Ein jobbkvardag der ingen dagar er like
- Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø kor ein framsnakkar kvarandre og har positive forventingar til kvarandre.
- Eit spennande arbeidsmiljø med gode muligheter for fagleg påfyll
- Lønn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Kristin Tveit Beiermann, Einingsleiar Sveio barnehage, 400 48 148Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4635571439
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2282675
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e5ba8c3a4bd249c3b45379810a982a59