Helsefagarbeidar
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. april 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Er du den vi søkjer 😊 så har vi ledig 100% fast stilling i tredelt turnus som helsefagarbeidar i avdeling Oreteigen på Gloppen omsorgssenter, med tilsetting snarast. Dersom det ikkje blir søkjarar med helsefagarbeidarutdanning, vil vi vurdere å tilsette pleiemedarbeidar i mellombels stilling.
Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / elever og lærlingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Har erfaring frå kommunehelsetenesta
- Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Har god og generell IT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen
Personlege eigenskapar
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
- Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med endringar og nytenking
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Iren Knutsen Utheim, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 917 03 443Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4743630936
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2024
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2511083
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4726681b618b43adb74ccb79e62acfea