Hopp til innhold

Fagarbeidar/Assistent til tilrettelagt opplæring

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Haram vidaregåande skule

Sted

Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar/Assistent til tilrettelagt opplæring
Type ansettelse
Fast, deltid 89%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Vi ser etter deg som liker å jobbe med ungdom!

Nå har vi ledig 89 % stilling knytt til ITO. ITO er forkorting for individuelt tilrettelagt opplæring. og vi har behov for ein ny medarbeidar som kan vere med og bidra med kompetanse, humør og omsorg for elevar med eigne behov. Denne stillinga er for deg som ønskjer å vere med å gje alle elevane gode læringsvilkår og opplevingar i skulekvardagen. Dette er eit samspel mellom deg, faglærarar, leiing og ulike samarbeidspartnarar i praksisopplevingar i og utanom skulen. Arbeidsoppgåvene blir varierte, oftast godt planlagde, men nokon gongar skjer uføresette ting. Å kunne skape tryggleik i kvardagen for enkeltelevar, blir viktig del av jobben.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil vere knytt til tilrettelegging i opplæringa for elevar med spesielle behov. Det inneber å vere den som gjev tettare oppfølging og støtte gjennom skulekvardagen, ha samtalar, gje råd og rettleiing tilpassa ulike situasjonar. 

Som fagarbeidar innan ITO samarbeidar du tett saman med teamet for ITO ved skulen, med faglærarar og andre ressurspersonar som får eit ansvar inn i den tilrettelagte opplæringa. Stillinga inneber ikkje at du berre bidreg inn mot ein elev, men at du vil inngå i teamet som jobbar inn mot fleire elevar i ulike opplæringsløp. Gode samarbeidsevner og å kunne møte situasjonar med ei fleksibel tilnærming, blir difor viktige eigenskapar i jobben.

Hos oss set vi pris på at du tek initiativ til gode løysingar for elevane. Du vil få vere med å planlegge og gjennomføre gode opplæringsaktivitetar for enkeltelevar og grupper. Læringsituasjonar og samvære vil hovudsakleg skje på skulen, men og på andre læringsarenaer. Du bør difor kunne disponere bil i denne jobben.

Elevane vil kunne vere både på yrkesfagleg utdanningsprogram, studiespesialisering eller i heilt tilrettelagte opplegg. Variasjonen i denne stillinga er stor.


Arbeidsoppgåvene vil innebere:

- arbeid med fag i klasseromssituasjon eller i gruppe

- følgje opp individuelle læringsmål

- gje digital hjelp og følgje opp bruk av dei rette hjelpemidla

- skape struktur og progresjon i læringsarbeidet

- oppfølging i praktiske situasjonar, i og utanfor skulen

- arbeid med stell og personleg assistanse ved behov

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

- relevant utdanning og/eller fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar, Helsefagarbeidar eller tilsvarande

- gode digitale ferdigheiter

- god munnleg og skriftleg norskkompetanse

- erfaring med tilrettelagt undervisning

- erfaring med stell og personleg assistanse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:

- engasjert, trygg og opptatt av å hjelpe alle elevar

- samarbeidsvilleg og løysingsorientert

- tydeleg og strukturert

- har høge ambisjonar på den enkelte elev sine vegne

- har godt lag med ungdom, er raus, tolmodig og inkluderande

Vi tilbyr

Haram vidaregåande skule tilbyr:

- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt fagmiljø

- rettleiing for alle nytilsette og fokus på fagleg utvikling

- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring

- løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk

Stillinga vil følgje skuleruta til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Den følgjer og læraråret, med fri i skuleferiar, men med fulle arbeidsdagar gjennom veka. Det vil i tillegg vere 6 studie- og planleggingsdagar innlagt i arbeidsåret. I løpet av eit skuleår, vil det vere enkelte aktivitetar som medfører lengre arbeidsdagar. Dette kjem fram av årshjulet til skulen og informasjon gitt i forkant. Dette er innrekna i stillingsprosenten.

 


Kontaktinformasjon

Håkon Sæterøy, Rektor, +47 95067318

Arbeidsstad

Skuleråsa 10
6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5117287371
Stillingsprosent: 89%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Håkon Sæterøy

Rektor

+47 95067318

Om bedriften

Om skulen (haram.vgs.no)

Haram vidaregåande skule er ein kombinert skule.
Det vil seie at vi tilbyr både yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram hos oss.
Skulen vart totalrehabilitert i 2016 og framstår som lys og triveleg i interiøret.

Yrkesfaglege utdanningsprogram
Skulen tilbyr 2-årige løp knytt til desse utdanningsprogramma;
- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Teknologi- og industrifag

Studiespesialisering
Skulen har fleire variantar av 3-årige utdanningsprogram;
- Studiespesialisering (ordinært løp)
- Studiespesialisering - internasjonalisering 

samt det 4-årige løpet
- Yrkes- og studiekompetanse (YSK)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2200292a-21d1-42a8-beff-268c043a4258

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d18f08dbbb6947b0bd07ba280f7d311c

Lignende annonser

Laster lignende annonser